Vuollerim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 66°25′44.785″N 20°37′18.980″E

Vuollerim 1996

Vuollerim er ein svensk tettstad i Jokkmokks kommun i Norrbottens län i landskapet Lappland. I år 2005 hadde tettstaden 800 innbyggjarar.

Staden ligg ved samløpet mellom Lilla og Stora Lule älv. To mil nord for Vuollerim ligg det store myrområdet Vuoskunáhpe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved utgravingar har ein funne leivningar av ein steinalderbusetnad som er datert til cirka 4000 f. Kr.

Vuollerim blei grunnlagt i 1756 som ei jordbruksbygd. Utbygginga til Vattenfall av kraftverket Porsi i 1956-1961 førte til stor innflytting til staden, og jordbruket var etter dette ikkje lenger den viktigaste næringsvegen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste næringsvegane er skogbruket og vasskrafta, sidan Vuollerim, forutan Porsi vasskraftverk, òg er heimstad for driftskontoret for store delar av dei øvrige kraftverka i Lule älv. Vattenfall er den største arbeidsgjevaren med flest tilsette, og mange lokale føretak er underleverandører til Vattenfall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]