Vytsjegda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vytsjegda
Vytsjegda nær Irta
Vytsjegda nær Irta
Munning Nordre Dvina
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 1100 km
Nedslagsfelt 122 800 km²

Vytsjegda (på komi Ežva, på russisk Вычегда) er ei austleg sideelv til Nordre Dvina i den sørlege delen av Republikken Komi og den søraustre delen av Arkhangelsk oblast i den nordlege delen av europeisk Russland. Vytsjegda er 1 121 km lang, av dei er ca. 800 km farbar for skipstrafikk. Vytsjegdan sitt nedslagsfelt er 122 800 km².

Vytsjegda har kjeldene sine ved Timan-ryggen i Komi ca. 300 km vest for Uralfjella. Derifrå renn ho søraustover, sørover, sørvestover og vestover. Sørvest i Arkhangelsk oblast, ved Kotlas, renn ho ut i Nordre Dvina. Vytsjegda sine viktigaste sideelver er Visjera, Vym, Nordlege Keltma og Sysola.

Dei viktigaste hamnebyane langs Vytsjegda er Kotlas, Syktyvkar og Ust-Kulom. Langs breidda av elva bur det komiar. Vytsjegda er og ei viktig elv for tømmerfløyting. Via Katarinas kanal er det båtsamband til Kama, som er ei sideelv til Volga.