Wärtsilä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudkontoret i Helsingfors.
Det tidlegare verftet og dieselmotorfabrikken til Wärtsilä i Åbo.

Wärtsilä er eit stort konsern som har fabrikkar mange stader i verda, mellom anna i Finland, Kina og Italia. I alt har ein 18 000 tilsette i 60 land.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det norske selskapet Wärtsilä Norway AS har kontor i Oslo. Wärtsilä i Noreg har sine hovudaktivitetar på Bømlo og Stord, på vestkysten av Noreg. Selskapet har òg kontor i Fitjar, Trondheim, Haugesund, Karmøy, Bergen, Stavanger og Ålesund. I alt har selskapet 1100 tilsette i Noreg.

Rubbestadneset[endre | endre wikiteksten]

Det er rundt 800 tilsette ved Wärtsilä på Rubbestadneset. Wärtsilä er ein fabrikk som lagar framdriftsutstyr til skip og boreriggar, mellom anna propellar, gir, fjernstyringsanlegg, reservedelar og meir. Wärtsilä driv òg med reparasjonar av skip. Det er som oftast verft, reiarar, verkstader og privatpersonar som er kundane til Wärtsilä.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]