W- og Z-boson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
W±- og Z0-boson
Samansetnad: Elementærpartikkel
Gruppe: Gauge-boson
Fundamentalkraft: Svak kjernekraft
Oppdaga: UA1- og UA2-samarbeida 1983
Masse: W: 80.385±0.015 GeV/c²[1]
Z: 91.1876±0.0021 GeV/c2[1]
Elektrisk ladning: W: ±1 e
Z: 0 e
Spinn: 1

W- og Z- boson (i lag kalla svake boson eller mellomliggande vektorboson) er elementærpartiklar som formidlar svak kjernekraft. Symbola deira er W+, W- og Z. W-bosona har positiv og negativ ladning på 1 elementærladning og er kvarandre sine antipartiklar. Z-bosonet er uladd eller nøytralt og er sin eigen antipartikkel. Dei tre partiklane har alle særs kort levetid med ei halveringstid på kring 3×10−25 s. Det var ein stor suksess då dei vart oppdaga for det som no vert kalla standardmodellen i partikkelfysikk.

W-boson er kalla opp etter den svake (weak på engelsk) krafta. Fysikaren Steven Weinberg kalla så den siste partikkelen «Z-partikkel»,[2], mellom anna fordi han hadde null (zero på engelsk) elektrisk ladning.[3]

Dei to W-bosona er dei mest kjende formidlarane av nøytrinoabsorpsjon og emisjon, og ladninga deira er tilknytt elektron- eller positronemisjon. Z-bosonet er ikkje involvert i absorpsjon eller emisjon av elektron og positron.

Z-boson er lettast å kjenne att som ein naudsynt teoretisk kraftformidlar når nøytrinoa vert spreidd «elastisk» frå materie, noko som berre kan skje utan at det vert skapt eller absorbert nye, ladde partiklar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 J. Beringer; et al. (2012). «2012 Review of Particle Physics - Gauge and Higgs Bosons». Physics Review D 86: 1. [daud lenkje]
  2. Steven Weinberg, A Model of Leptons, Phys. Rev. Lett. 19, 1264–1266 (1967) – the electroweak unification paper.
  3. Weinberg, Steven (1993). Dreams of a Final Theory: the search for the fundamental laws of nature. Vintage Press. s. 94. ISBN 0-09-922391-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]