Wagnertuba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wagnertubaen er eit messingblåseinstrument som på eit vis er ei kryssing av valthorn og tuba. Ein reknar at det høyrer til valthorn-familien. Instrumentet har konisk boring, og er vidare enn er valthorn, men trongare enn ein tuba. Det finst i to storleikar, tenor og bass, stemt i høvesvis Bb og F, tilsvarande Bb- og F-valthorn. Det finst derimot nyare instrument som med ein ventil kan endra stemminga frå Bb til F, og slik tilsvarar dobbelhornet. Wagnertubaen blir vanlegvis notert som eit transponerande instrument i G-nøkkel, men ulik notasjonspraksis har eksistert.

Wagnertubaen blei spesialutvikla på førespurnad frå komponisten Richard Wagner1860-talet, då han som velrenommert operakomponist ville utvida orkesterets klanglege kompetanse. Han hadde i 1853 besøkt Adolphe Sax og sett hans saxhorn, og henta inspirasjon frå desse. Wagner fekk dei fyrste wagnertubaene laga til operasyklusen Nibelungenringen, der han lét fire av dei åtte hornistane alternere mellom valthorn og wagnertubaer (to tenortubaer og to basstubaer), ein praksis òg seinare komponistar har nytta. Wagnertubaen blir spelt med eit valthorn-munnstykke, og dei 3-4 ventilane blir spelt med venstre hand, som på eit valthorn, noko som legg til rette for alternering mellom instrumenta.

Wagnertubaen var lenge svært uvanleg i operahus utanfor Tyskland, og wagnertubastemmar blei derfor ofte spelt på eufonium eller tuba. Denne praksisen blir fortsett nytta når wagnertubaer ikkje kan oppdrivast.

Staden i partituret der wagnertubaene blir notert, varierer etter kven som speler dei. Blir dei spelt som alternerande instrument av hornister, blir dei notert under valthorna, over trompetane. Elles blir dei notert under trombonane, over tubaen som då gjerne blir notert med namnet kontrabasstuba. I enkelte partitur står det oppført tenor- og basstuba, og då dette er vanlege namn på wagnertubaene, kan det oppstå uvisse om kva instrument komponisten eigentleg spør etter; vanlege tubaer eller wagnertubaer.

Komponistar som har skrive for Wagnertuba[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]