Wai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thailandsk statue med hendene i klassisk waistilling, som er så godt som identisk med indisk namaskara.

Wai (thai ไหว้) er ein tradisjonell høfleg helsingsmåte i Thailand. Han går ut på at ein lèt handflatene røra kvarandre framfor seg, ein stad mellom brystet og over hovudet, men ofte framfor ansiktet. Samstundes kan ein bøya hovudet, bukka eller neia. Ved møte vil ein også helsa med ordet sawadi (สวัสดี).

Eldre kvinne utfører wai i ei folkemengd.

Ein kan utføra wai når ein møter nokon, takkar eller bed om orsaking. Det er vanleg å bruka helsinga i høgtidelege samanhengar og seremoniar og når ein helser lærarar, munkar og folk med høg status.[1] Også statuar og bilde kan helsast med wai.[2]

Det finst mange ulike måtar å utføra wai på, ut frå situasjonen, stillinga til den som helser og den som blir helsa. Jo høgare ein held hendene framfor kroppen og jo djupare ein bøyer seg, jo meir respekt viser ein den ein helser. Personen med lågast status waiar fyrst, og han med høgare status svarer så på helsinga.

I klassiske former av helsinga, som ein ofte ser på statuar, peiker olbogane ut til sida når ein bringer handflatene mot kvarandre. Når ein utfører moderne wai peiker derimot olbogane helst nedover. Om ein står når ein waiar kan ein bukka eller neia. Sit ein, kan ein bøya hovudet. For å visa mykje respekt kan ein knela eller bøya seg til bakken medan ein waiar. Ei slik respekt viser ein gjerne høgtståande personar, som kongelege, åndelege leiarar, avdøde og gudar.

Wai-helsinga stammar frå ein indisk mudra, añjali mudrā eller pranamasana.[3] Ein finn ei liknande helsing i den kambodsjanske helsinga sampeah og fleire andre søraustasiatiske tradisjonar. Den hinduiske namaskaram eller namaste har same opphavet, men skil seg frå moderne thailandsk wai ved at armane peiker utover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J. W. Warfield, «Teaching at Chiengmai University», Improving College and University Teaching, Vol. 19, No. 1, Winter, 1971, s. 24.
  2. Ananda Rajah, «Political Assassination by Other Means: Public Protest, Sorcery and Morality in Thailand», Journal of Southeast Asian Studiesm Vol. 36, No. 1, Feb., 2005, s. 120
  3. Phya Anuman Rajadhon, Thai traditional salutation, Thai culture Series no. 14, The Fine Arts Department, Bangkok, Thailand, 1963 (i Engelsk Wikipedia)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wai