Waihou River
Waihou River er ei elv som ligg nord på Nordøya på New Zealand. Eit tidlegare namn, Thames River, fekk elva av kaptein James Cook. Namnet Waihou tyder rett omsett frå maorispråk nytt vatn.
Elva renn nordover i 150 km frå åsane i Mamaku Ranges, forbi byane Putaruru, Te Aroha og Paeroa, før ho renn ut i havbukta Firth of Thames heilt sør i Haurakigolfen nær byen Thames. I dei lågast liggjande partia dannar Waihou og den nærliggjande elva Piako River dei vide våtmarkene i Hauraki Plains.
Like før elva når havet, kryssar riksvegen State Highway 25 over henne på brua Kopu Bridge, den lengste brua i landet med berre ein køyrebane, 463 m lang, og den einaste attverande svingbrua på ein riksveg på New Zealand. Brua er berykta for køane som dannar seg her av trafikken til og frå Coromandelhalvøya.
Bakgrunnsstoff [endre]
Om Waihou River i Te Ara - Encyclopedia of New Zealand
- Delar av denne artikkelen bygger på «Waihou River» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2008.