Waikato District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waikato District
Waikato Territorial Authority.png
Folketal: 43 959
(ved folketeljinga i 2006)
Største by: Ngaruawahia
Andre byar: Huntly, Raglan, Te Kauwhata, Taupiri
Territorial Authority
Namn: Waikato District Council
Leiar: Peter Harris
Utbreiing: Haurakigolfen til (men ikkje medrekna) Hamilton City,

Tasmanhavet til Tamahere

Areal: 3 188,89 km²
Heimeside: http://www.waikatodistrict.govt.nz
Sjå òg: Hamilton City, Waipa District
Regionstyre
Namn: Environment Waikato (Horizons Regional Council)
Heimeside: http://www.ew.govt.nz

Waikato District ligg i den nordlege delen av regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Distriktet er administrert av Waikato District Council, med sete i Ngaruawahia.

Distriktet ligg nord og vest for byen Hamilton, og omfattar mykje av den nordlege delen av slettelandskapet Waikato Plains, og også høgdedraga Hakarimata ved kysten. I den nordlege delen av distriktet ligg sumplandskapet inntil elva Waikato River, og fleire mindre innsjøar, den største av desse er Lake Waikare.

Utanom Ngaruawahia er dei viktigaste sentra i distriktet Huntly, Raglan og Te Kauwhata. Hovudnæringsvegane i distriktet er mjølkeproduksjon, skogbruk og kolgruvedrift. Der er eit større kolfyrt kraftverk ved Huntly. Te Kauwhata ligg i sentrum av eit større vindistrikt.

Distriktet hadde eit folketal på 43 959 ved folketeljinga i 2006. Av desse budde 6834 i Huntly, 5106 inNgaruawahia, 2637 i Raglan og 1294 i Te Kauwhata.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]