Waimakariri River

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waimakariri River
Waimakariri River med Christchurch i bakgrunnen.
Waimakariri River med Christchurch i bakgrunnen.
Utspring Søralpane
Munning Stillehavet
- Høgd 0
Land i nedslagsfelt New Zealand New Zealand
Lengd 151
Sideelvar Bealey River, Poulter River, Esk River
Renn gjennom Christchurch
Waimakariri River - Waimakariri River.
Waimakariri River.

Waimakariri River er den største av elvene nord i regionen Canterbury, på SørøyaNew Zealand. Ho renn i 151 km i stort sett søraustleg retning frå Søralpane, gjennom slettene Canterbury Plains til Stillehavet[1].

Elva har utspringet sitt i dei austlege flankane av Søralpane, åtte km sørvest for Arthur's Pass. Gjennom ein stor del av det øvre løpet er elva forgreina med vide, sanddekte elvebreidder. Etter som ho nærmar seg Canterbury Plains, går ho gjennom eit fjellområde og vert pressa inn i eit trongt elvegjel (Waimakariri Gorge), før ho går attende til den forgreina forma der ho renn over slettene. Elva munnar til sist ut i Stillehavet nord for Christchurch, nær byen Kaiapoi.

Chinooklaks (Oncorhynchus tshawytscha) vart innførd frå California1900-talet og finst enno i elva[2].

māori har Waimakariri fleire tydingar, ei av dei er «elva med kaldt, fossande vatn»[1]. På 1850-talet gav europeiske nybyggjarar elva namnet Courtenay River, men dette gjekk ut av bruk[3].

Geologiske granskingar tyder på at elvemunningen har flytta svært mykje på seg. Til tider har elva runne i det løpet ho har no gjennom Christchurch, og til og med runne ut i Lake Ellesmere sør for Banks Peninsula i ein periode.

I staden for å vera ubygd statleg land, slik dei fleste av elvebreiddene på New Zealand er, er breiddene til Waimakariri River underlagt administrasjonen til Canterbury Regional Council[4].

I Canterbury vert elva stort sett omtala som «The Waimak»[1].

Utbygging[endre | endre wikiteksten]

I 1923 vart elva undersøkt med tanke på å byggja ein dam for å gje hydroelektrisk kraft til Christchurch. Dette fekk støtte frå lokalsamfunna, men dammen vart aldri bygd etter som staten tilbaud rimeleg straum frå anlegget ved Lake Coleridge[5].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Logan, Robert (1987). Waimakariri. The story of Canterbury's "river of cold rushing water". Christchurch: Robert Logan. ISBN 0473005204. 
  2. McDowall, R. M. (1990) New Zealand freshwater fishes: a natural history and guide. Heinemann-Reed, Auckland, 553 p.
  3. Canterbury, discovery and settlement, Te Ara Encyclopedia of New Zealand website, vitja 8. februar 2010.
  4. Waimakariri River Improvement Act 1922, Section 17(1) - Parliament of New Zealand. Vitja 8. februar 2010.
  5. Crean, Mike (2008-04-26), Waimak's elusive dam, The Press 

Koordinatar: 43°23′26″ S 172°42′43″ E