Waitangitribunalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Waitangitribunalet (engelsk Waitangi Tribunal, (maori Te Rōpū Whakamana i te Tiriti) er ein permanent newzealandsk granskingskommisjon med oppgåve å granska brot på Waitangitraktaten ved styresmaktene, og å føreslå åtgjerder for kompensasjon. Tribunalet er oppretta ved eit lovvedtak i parlamentet i 1975. Det skulle ved opprettinga sjå på krav som kunne oppstå ved statlege inngrep etter 1975, men har etter ei lovendring i 1985 fullmakt til å gjennomføra granskingar av klager over statlege overgrep eller forsømmingar i åra etter 1840 som bryt lovnadar i Waitangitraktaten, og leggja fram tilrådingar til løysing av klagemåla. Fram til 1975 hadde traktaten liten praktisk politisk betydning på New Zealand, rettsgrunnlaget var for ein stor del den engelske common law-ordninga. Blant māoriar hadde det då over ein lang tidsperiode oppstått aukande misnøye over uløyste klagemål med grunnlag i Waitangitraktaten, og Tribunalet vart skipa for å sørgja for ein lovformeleg prosess for granskingar av desse klagemåla. Granskingsprosessane skal bidra til løysingar på krav etter traktaten og på den måten koma fram til semje i slike saker og forsoning mellom māoriar og pākehā.

Medlemer i tribunalet[endre | endre wikiteksten]

Medlemene i Waitangitribunalet vert oppnemnde av Generalguvernøren på New Zealand etter råd frå ministeren for māorisaker og i samråd med justisministeren. Medlemene vert føreslegne på bakgrunn av sitt kjennskap til dei sakene som mest truleg vil verta fremja for tribunalet. Tribunalet kan ha opptil 16 medlemer, om lag halvparten er vanlegvis māoriar. Overdommaren i rettsinstansen Māori Land Court, eller ein domar eller pensjonert domar frå Høgsteretten på New Zealand leier Tribunalet. Viseformannen er ein domar frå the Māori Land Court. Leiaren er utnemnd for fem år, medan medlemene vert utnemnde for ein periode på tre år med høve til å verta oppattnemnde for ein ny periode. Tre til sju av medlemene i Tribunalet arbeider med kvar sak, avhengig av kor omfangsrik og kompleks ho er. Tribunalet har i tillegg om lag 50 fast tilsette som skal hjelpa til med forskinga og administrasjonen, og av desse 50 er kring 20 historikarar[1].

Granskings- og arbeidsmetodar[endre | endre wikiteksten]

Waitangitribunalet er ingen rettsinstans. Fordi det er etablert som ein permanent granskingskommisjon, skil granskingsmetodane seg ut frå dei som vert nytta for rettssaker på fleire viktige område:

  • Generelt har tribunalet berre mynde til å gje tilrådingar. I særskilde avgrensa tilfelle har tribunalet likevel bindande avgjerd, men i dei fleste tilfelle bind ikkje tilrådingane frå tribunalet krona (styresmaktene), klagarane eller andre partar som er involverte i granskingane. Det er rettsapparatet som kan fella avgjerder som bind dei involverte partane.
  • Tribunalet sine arbeidsprosessar er meir granskande og mindre kontroverse enn dei tilsvarande som fører fram til rettssaker. Det kan utføra sine eigne granskingar, og på den måten freista å finna fram til sanninga, der rettsapparatet generelt sett må ta sine avgjerder ut frå framlagde vitneprov, materiale som byggjer opp under argumentasjonane, og juridiske argument som vert lagde fram av dei impliserte partane.
  • Tribunalet sine prosessar er fleksible - tribunalet er ikkje nøydd til å halda seg til reglane om vitneprov som generelt er gjeldande i rettsapparatet, og kan tilpassa prosedyrane sine slik det synest høver. Tribunalet kan til dømes følgja te kawa o te marae («māori saksprosedyre»). I motsetnad til dette, er dei juridiske rettsprosedyrane mykje meir formelle, og der er det vanlegvis strikte bevisreglar som må følgjast.
  • Tribunalet har ikkje endeleg makt til å ta avgjerder etter lova. Denne makta ligg hjå rettsapparatet. Men tribunalet har rett til å avgjera tydingane av, og verknadane til Waitangitraktaten, slik det er nedlagd i tekstane på både māori og engelsk.
  • Tribunalet har avgrensa makt til å innkalla vitne, krevja dokument framlagde og setja sakorden for høyringane sine. Men det kan ikkje ta åtgjerder for å hindra eller fremja avgjerder.

Hovudpunkt[endre | endre wikiteksten]

  • Tribunalet avgjer ikkje klager, men legg fram tilrådingar for styresmaktene.
  • Klager vert avgjorde gjennom forhandlingar med staten. Den statlege instansen Office of Treaty Settlements står for forhandlingane med māoriar om avgjerder etter Waitangitraktaten frå styresmaktene si side.
  • Tribunalet kan ikkje gje tilrådingar som vedkjem tilbakeføring av private landområde. Det kan granska og gje rapportar om krav som gjeld privateigd land, men såframt området ikkje er memorialised, kan ikkje Tribunalet gje tilråding om at det vert levert attende til maoriar, eller at staten framleis skal gjera krav på det. (Memorialised lands er land som høyrer til, eller har høyrt til eit statseigd føretak.)
  • Tribunalet kan motta krav frå kva māori som helst som har klagemål mot ein politikk, praksis, handling eller forsømming av krona. Det er ikkje naudsynt for Tribunalet å kontrollera at ein fordringshavar har eit mandat frå noka som helst gruppe, men det kan nekta å granska eit krav som vert sett på å vera usakleg eller urimeleg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]