Wales

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wales
Cymru
Flag of Wales.svg
Flagg Våpenskjold
Nasjonalt motto: Cymru am byth
(walisisk: Wales for evig)
Offisielt språk Engelsk og walisisk
Hovudstad Cardiff
Flatevidd
 - Total

20 779 km²
Folkesetnad (2001)
 - Total
 - Tettleik

2 903 085
140/km²
Valuta Pound Sterling
Tidssone WET (UTC; UTC + om sommaren
Nasjonalsong Hen Wlad fy Nhadau
Nasjonalt toppnivådomene .uk

Wales (walisisk Cymru) er ei halvøy sør-vest på øya Storbritannia. Wales er ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Den britiske tronarvingen er kjend som Prince of Wales, prins av Wales, men han har inga politisk rolle i Wales.

Namnet «Wales» kjem av det germanske ordet for «annleis» (på same måte som Vallonia og Valakia har fått sine namn).

Wales har ikkje vore sjølvstendig sidan 1282, då landet vart erobra av kongen av England. Wales var frå 1707 til 1927 ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Etter den tid har Wales vore ein del av det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, i norsk språkbruk korta til Storbritannia. Wales vart styrd direkte frå London fram til 1999. Den keltiske eigenarta er teken vare på og har frå 1800-talet danna grunnlag for ei nasjonalistisk rørsle, Plaid Cymru. Rørsla fekk i 1974 inn to representantar i det britiske parlamentet. Nasjonalforsamlinga for Wales utgjer i dag styresmakta, men har berre avgrensa mynde i delegert frå det britiske parlamentet.

Det walisiske språket, kymrisk (eller walisisk) er eit keltisk språk som er nært i slekt med bretonsk i Bretagne. Det vert tala av om lag 550 000, spesielt i det nordlege Wales.

Walisiske byar og stader[endre | endre wikiteksten]

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Wales er fjellrikt, spesielt i nordlege og sentrale regionar. Wales har over 1 200 km med kystlinje og fleire øyar derav den største er Ynys Môn eller Anglesey i nordvest.

Cambrian Mountains («Desert of Wales») er ein serie av fjellkjeder som strekkjer seg frå Brecon Beacons-fjella i Sør-Wales til nordlege Carmarthenshire og Ceredigion og vidare til Snowdonia i Nord-Wales.

Den høgaste toppen i Cambrian Mountains er Pumlumon. Fjella er nedbørsområde for elvane Severn og Wye. Det er typelokalitet for kambriumperioden (542-488 mill. år sidan).

Berggrunnen vart danna ved overgangen frå prekambrium til kambriumtida ved danninga av mikrokontinentet Avalonia. Wales finn seg i sentrale delar av dette mikrokontinentet og har gjennomgått fleire foldefaser. I nord finst Snowdonia og dei høgaste fjella. I sør finst ei relativt komplett lagrekkje av bergarter med mange klassiske typelokalitetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wales