Wales Coast Path

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kystlinja i Wales, med start- og sluttpunktet for stigen. Innfelt: Plasseringa av Wales i Storbritannia
Steinen ved Chepstow som markerer sørenden av Wales Coast Path, med stiens «drageskjell»-logo
Logoen til Wales Coast Path

Wales Coast Path (walisisk Llwybr Arfordir Cymru) er ein langdistanse-tursti som går langs heile kystlinja i Wales. Stien vart opna 5. mai 2012, og byr på ei 1400 km lang vandringsrute frå Chepstow i sør til Queensferry i nord.[1]

Wales er det første landet i verda som kan tilby ein dedikert tursti langs heile kystlinja si. Stigen går gjennom elleve nasjonale naturreservat og andre verneområde, inkludert dei som er administrerte av The Wildlife Trusts eller Royal Society for the Protection of Birds (RSPB).[2] Lonely Planet rangerte kysten av Wales på topp i si kåring Best in Travel: top 10 regions for 2012.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Wales Coast Path