Walgreen Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellite image of the Walgreen Coast.

Walgreen Coast (75°30′S 107°0′WKoordinatar: 75°30′S 107°0′W) er ein del av kysten av Antarktis som ligg mellom Cape Herlacher og Cape Waite, eller mellom Bakutis Coast i vest og Eights Coast. Han er den austlegaste delen av Marie Byrd Land og strekkjer seg frå 114°12'W til 103°24'W. Eights Coast i aust er alt ein del av Ellsworth Land. Han vart oppdaga av kontreadmiral Byrd og medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) under flyturar frå USS «Bear» i februar 1940.

Walgreen Coast vart namngjeven av Byrd etter Charles R. Walgreen, presidenten av Walgreens på den tida, som støtta Byrd-ekspedisjonen 1933-35 økonomisk. Kysten vart kartlagd i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto av U.S. Navy 1959-66.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Walgreen Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).