Walk on the Wild Side
| Walk on the Wild Side Singel av Lou Reed frå albumet Transformer |
||
| B-side | «Perfect Day» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | november 1972 | |
| Sjanger | Jazz, softrock | |
| Lengd | 4:12 3:37 (forkorta versjon) |
|
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
| Produsent | David Bowie og Mick Ronson | |
| Lou Reed-kronologi | ||
| «Walk It and Talk It» | Walk on the Wild Side | «Satellite Of Love» |
«Walk on the Wild Side» er ein song av Lou Reed frå det andre soloalbumet hans Transformer frå 1972. Han vart produsert av David Bowie i lag med Mick Ronson. Songen vart mykje spelt på radio, trass i at han rører tabutema som transseksualitet, narkotika, mannleg prostitusjon og oralsex, samt at uttrykket «colored» (farga) syner til afroamerikanarar. I USA gav RCA ut ein forkorta versjona v songen som singel, der referansen til oralsex var fjerna.
Teksten om fleire personar og reisa deira gjennom New York City, og referer til fleire «superstjerner» frå Andy Warhol sitt New York-studio, The Factory, nemleg Holly Woodlawn, Candy Darling, Joe Dallesandro, Jackie Curtis og Joe Campbell (omtalt med kallenamnet Sugar Plum Fairy). Candy Darling var òg tema i ein tidlegare song av Reed for The Velvet Underground, «Candy Says».
Saksofonsoloen i avslutninga er spelt av Ronnie Ross, som tidlegare hadde lært David Bowie å spele saksofon.
Korvokalen vert sungen av Thunderthighs, ei jentegruppe som bestod av Dari Lallou, Karen Friedman, Jacki Campbell og Casey Synge.
Songen er òg kjend for den doble basslinja spelt av Herbie Flowers på kontrabass og overdubba med bandlaus bass. I eit intervju på BBC Radio 4 (Playing Second Fiddle, frå juli 2005) hevda Herbie Flowers at årsaka til at han kom opp med den doble basslinja var at som studiomusikar ville han få dobbelt betalt for å spele to instrument på same spor.
I dokumentaren Classic Albums: Lou Reed: Transformer i 2001, seier Reed at det var romanen med same namn av Nelson Algren frå 1956, som var utgangspunktet for songen.
Andre versjonar [endre]
Songen er spelt av mange andre artistar som Company B, Jamie J. Morgan, Gerty Molzen, Echo & the Bunnymen, Jimeoin, The Strokes, Robbie Williams, Sponge, The Rentals, Train, Vanessa Paradis, Jesse Malin, Young@Heart, Moby, Editors, Yves Klein Blue, Rick Braun, Tok Tok Tok og Pink Turtle.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Walk on the Wild Side (Lou Reed song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2011.