Wallaby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Wallabyar er ei gruppe pungdyr som høyrer til familien kenguruar (Macropodidae). Wallaby er ikkje ei systematisk gruppe, men viser til dyr som er mindre enn typisk kenguru. Ein finn wallabyar i Australia og på Ny-Guinea. Dei er ein innført artNew Zealand, der dei er rekna som skadedyr.

Ordet wallaby stammar frå aboriginarspråket dharug (dharuk), der det kan ha forma walabi eller waliba.[1]

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «wallaby», Australian Oxford Dictionary, Oxford University Press, 2004 
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.