Wallingford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wallingford

The Corn Exchange (venstre), krigsminnesmerket (midten), rådhuset (midten-høgre) og St Mary-le-More-kyrkja (høgre)
The Corn Exchange (venstre), krigsminnesmerket (midten), rådhuset (midten-høgre) og St Mary-le-More-kyrkja (høgre)
Plassering
Wallingford is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt South Oxfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

6 496
Koordinatar 51°36′″N 1°8′″WKoordinatar: 51°36′″N 1°8′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer OX10
Telefon-retningsnummer 0 1491
Nettstad: www.wallingfordtown.co.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wallingford

Wallingford er ein liten by i Oxfordshire i det søraustlege England. Hann ligg ved ein vadestad (ford) ved Themsen, som normannarane brukte for å krysse elva under marsjen nordover under invasjonen i 1066. Byen er administrasjonssenter for South Oxfordshire. Han ligg på vestsida av Themsen. Det går ei omkring 275 meter lang steinbru over elva, og på den andre sidan ligg Crowmarsh Gifford.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den strategiske plasseringa til byen ved ein vadestad har han vore befesta sidan angelsaksisk tid eller tidlegare. Han tilhøyrte kongeriket Wessex, og var der ein viktig by med rett til å slå eigen mynt. Fordi borgarane lét Vilhelm Erobraren krysse elva utan å gjere motstand, fekk dei spesielle privilegium av normannarane.

I november 1153 vart Wallingfordtraktaten signert i byen. Dermed enda borgarkrigen som hadde brote ut etter at Henrik I døydde. Året etter gav Henrik II byen eit kongeleg charter, og den vart dermed ein av dei første byane i England som mottok eit slikt, før blant anna London.

Walingford slott var kongeleg residens fram til 1349, då Svartedauden råka området hardt. Det byrja å forfalle, og mykje av steinen vart tatt til utvidinga av Windsor slott. Under den engelske borgarkrigen vart det brukt som festning av rojalistane. Dei var kringsett der i 65 dagar, og slottet var det siste rojalistiske forsvarsverket i regionen som fall. Oliver Cromwell gav ordre om fullstendig øydelegging av slottet, og det er no berre utydelege ruinar att.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]