Walt Disney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walt Disney presenterer Snøkvit og dei Sju Dvergar i 1937.
Newman Laugh-O-Gram (1921)

Walter «Walt» Elias Disney (5. desember 190115. desember 1966) var ein amerikansk teiknefilmskapar og ein av dei mest betydingsfulle personar i moderne underhaldningsbransje.

Disney vart fødd i Chicago i Illinois. I løpet av karrieren si mottok han meir enn 950 utmerkingar frå heile verda, mellom anna 48 Oscar-statuettar og 7 Emmy-prisar. Det starta for alvor i 1928 med stumfilmen «Plane Crazy» og sidan lydfilmen «Steamboat Willie». Begge handla om Mikke Mus, som altså var den første av dei kjende figurane som Disney skapte.

Den første langfilmen hans var Snehvit og de syv dverger, som kom ut 21. desember 1937.

The Walt Disney Company[endre | endre wikiteksten]

Verksemda som Walt Disney grunnla, The Walt Disney Company, produserer teiknefilmar, teikneseriar og andre underhaldningsprodukt. Han grunnla fornøyelsesparkane Disneyland (1954) og Disneyworld, temaparkar som har fått utspring i Japan og Frankrike. I Noreg er den definitivt mest kjente teikneseriefiguren hans Donald Duck. Selskapet hans har stått bak nokon av verdas mest populære teiknefilmar; Askepott, Bambi, Dumbo og ikkje minst Snøkvit og dei sju dvergane.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Walt Disney har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame og figurane Donald Duck og Mikke Mus har fått kvar si stjerne. I 1964 vart han tildelt Presidentens fridomsmedalje av president Lyndon B. Johnson.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Walt Disney