Walter Bonatti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Bonatti

Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 22. juni 1930
Bergamo
Død

13. september 2011 (81 år)
Roma

Yrke fjellklatrer, oppdagar, fotograf, fjellfører, skribent, journalist
Språk italiensk
Ektefelle Rossana Podestà
Partnar Rossana Podestà
Walter Bonatti på Commons
Walter Bonatti til venstre, saman med Eric Abram på K2-ekspedisjonen i 1954
Austveggen på Grand Capucin, med Bonatti-Ghigo-ruta innteikna

Walter Bonatti (22. juni 193013. september 2011) var ein italiensk fjellklatrar, journalist og forfattar frå Bergamo. Han var mellom dei fremste fjellklatrarane i verda på 1950/1960-talet, kjend for å ha sett nye standardar i alpin klatresport.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Frå han var 19 år gammal klatra han i mange av dei steilaste fjellveggane i Alpane. I 1951 kleiv han opp austveggen på Grand Capucin, to år seinare klatra han Tre Cime di Lavaredo om vinteren. Sommaren 1954 deltok han då to italienske fjellklatrarar, Achille Compagnoni og Lino Lacedelli, steig til topps som dei fyrste på verdas nest høgste fjell, K2 i Karakorum.

Bonatti vart i ettertid utsett for mykje kritikk for si rolle i K2-ekspedisjonen. Han byrja då ofte å klatre åleine. Etter å ha soloklatra og fyrstebestige sørvest-piggen på Aiguille du Dru i dei franske Alpane i august 1955, vart han ein vidkjend fjellklatrar. 6. august 1958 stod han og Carlo Mauri som dei fyrste menneska på toppen av den kanpt 8000 meter over havet høge Gasherbrum IV i Karakorum.

Den 10. juli 1961 skulle Bonatti og seks andre klatarar, både italienske og franske, prøve å klatre opp den såkalla Freney-pillaren på Mont Blanc. Her vart dei overraska av eit kraftig uver, og ein av klatrarane vart skadd av lynnedslag. Dei vart sitjande verfast i 60 timar. Under nedstiginga i store mengder nysnø døydde fire av klatrarane av utmatting og nedkjøling, einast Bonatti og to andre overlevde.

I februar 1965 gjorde Bonatti den siste ekstreme klatreturen. På fire døgn klatra han som den første opp nordveggen av Matterhorn åleine, gjennom ei heilt ny rute. Dei neste fjorten åra reiste han rundt i heile verda om fotojournalist for tidsskriftet Epoca. Bonatti publiserte fleire bøker om fjellklatring.

Han var frå 1981 gift med skodespelaren Rossana Podestà. Dei busette seg i landsbyen Dubino, heilt nord i Lombardia-provinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]