Walter Cronkite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Cronkite i 2004

Walter Leland Cronkite, jr. (4. november 191617. juli 2009) var ein amerikansk journalist. Han arbeidde som journalist i Europa under og i tida etter andre verdskrigen. Frå 1950 var han tilsett i CBS. Han rapporterte frå fleire kjende hendingar, som til dømes Nurnbergprossesen, Vietnamkrigen og gisselkrisa i Iran.

Cronkite var programleiar og redaktør for nyhendeprogrammet CBS Evening News (196281), der han som ein høgt respektert og truverdig journalist var med på å utvikle den politiske kommentaren. I seinare år opptredde han som programleiar eller gjest i fleire kjende fjernsynsprogram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.