Walter Gropius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walter Gropius
Bauhaus i Dessau
Pan Am-bygninga i New York
Hansaviertel

Walter Gropius (18. mai 18835. juli 1969) var ein tysk arkitekt. Han grunnla Bauhaus og vert saman med Ludwig Mies van der Rohe og Le Corbusier som ein av skaparane av den moderne arkitekturen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gropius var frå hovudstaden Berlin. I 1903 byrja han studere ved den tekniske hogskulen i München, og heldt deretter fram med studiane i Berlin ved den tekniske høgskulen i bydelen Charlottenburg. Åra 1910-13 arbeidde han for Peter Behrens, der også Le Corbusier og Mies van der Rohe var tilsett. Frå 1914 arbeidde Gropius på eiga hand som industridesignar og arkitekt. Han teikna dåbygningar i den industrielle klassisismen han hadde lært hos Behrens.

Saman med Adolf Meyer teikna han Fagus-Werk i Alfeld an der Leine. Verket, med sin stål- og glasarkitektur vart stildannande for den moderne arkitekturen, på 1920-talet kjend som Neues Bauen og Neue Sachlichkeit (Den nye saklegdomen). Etter fyrste verdskrigen deltok han i fleire radikale kunstnargrupper i Berlin.

Bauhaus[endre | endre wikiteksten]

Perioden 1919-28 leia han Bauhaus, ein skule som vart bygt på ideen om å samanføye biletkunst, skulptur, arkitektur og design, for slik å minske kløfta mellom finkultur og kunsthandverka. Skulen var særleg innretta mot arkitektur, men hadde også avdelingar for reine kunstuttrykk.

Gjennom 1920-talet var Gropius oppteken av å finne løysingar for moderne bybyggjing, særleg byggjinga av bustadblokker og andre storhus. Han var mykje innstilt på å rasjonalisere bygginga, og var med på fleire byggprojekt som bustadsområda i Dessau-Törten (1926–31), Dammerstock (1928–29) og Siemensstadt i Berlin (1929/30).

Utanlands[endre | endre wikiteksten]

Gropius praktiserte som arkitekt i Berlin fram til 1934. Han flytta då til England, ettersom arkitekturen hans vart kvasst angripen av dei nye, nazistiske makthavarane i Tyskland. I 1937 flytta han vidare til USA 1937, der han vart professor ved Harvard-universitetet. Gropius mest kjende bygning frå åra i USA er truleg Pan Am Building i New York.

Eldre år[endre | endre wikiteksten]

På 1950-talet vende Gropius tilbake til Berlin og arbeidde der. Mellom anna teikna han ei ni etasjars bustadblokk for Interbau i Hansaviertel i 1957. Borgarmeisteren i Berlin, Willy Brandt, tok i 1962 det fyrste spadetaket til det store bustadområdet Gropiusstadt i Berlin, der Gropius var til stades. Året etter vart Gropius heidersdoktor ved Freie Universität Berlin.

Gropius døydde i Boston i delstaten Massachusetts i USA i 1969. Han vart gravlagd i Berlin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]