Walter Steiner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Walter Steiner (fødd 15. februar 1951) er ein tidlegare sveitsisk skihoppar. Han vann den aller fyrste verdsmeisterskapen i skiflyging i Letalnica i 1972, og vann ein ny VM-tittel i skiflyging i 1977.

Under OL 1972 i Sapporo tok han sølv i storbakkerennet etter polske Wojciech Fortuna. I 1977 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.

Steiner lever nå i Falun i Sverige, der han arbeider som gartnar.