Walter Tresch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Tresch


Statsborgarskap Sveits
Fødd 4. april 1948 (76 år)
Silenen
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1976, Vinter-OL 1972

Walter Tresch (fødd 4. april 1948) frå Bristen i Silenen er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Han var ein allsidig alpinist, som mellom anna kom på pallen i samtlege fire øvingar i den dåverande verdscupen i alpint. I 1972 fekk han VM-sølv i den alpine kombinasjonen i 1972, medan han vart nummer fem i i sin beste sesong i verdscupe, 1976-sesongen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tresch markerte seg første gongen i verdscupen vinteren 1970. Han kom då på sjetteplass i eit storslalåmrenn i Kranjska Gora, medan han på Voss, i det siste slalåmrennet for sesongen, vart nummer fem. Sin første verdscupsiger fekk han vinteren 1971 i utfor, den øvinga han gjorde det best i den sesongen.

OL-sesongen 1972 var Tresch som best nummer tre i to verdscuprenn, eitt i utfor og eitt i storslalåm. Han deltok for Sveits i alle tre spesialøvingane under OL 1972 i Sapporo og var som best nummer seks i utfortevlinga. Med dei jamt gode resultata kom han på andreplass i kombinasjonsøvinga, ei øving som ikkje var del av det olympiske programmet, men vart rekna som ei VM-øving. Resultatlista i øvinga var basert på utfortevlinga og slalåmtevlinga som vart arrangert som separate OL-øvingar.

1973-sesongen var Tresch klart best i slalåm i verdscupen. Han kom på andreplass i Wengen og tredjeplass i det påfølgjande rennet i Megeve. Ein fjerdeplass i slalåm på Voss var hans beste prestasjon i verdscupen 1974. Under VM i alpint 1974 i St. Moritz vart han nummer fem i slalåmtevlinga. Ferda nedover på resultatlistene heldt fram i 1975, då han som best vart nummer seks, denne gongen i utfor.

Tresch beste samanlagtplassering i verdscupen i alpint kom i 1976. Han kom då på femteplass, trass i at han ikkje ein einaste gong stod på pallen i eit enkeltrenn i korkje slalåm, storslalåm eller utfor. Men han hadde fleire gode renn, mellom anna kom han gjennom sesongen inn mellom dei seks beste i kvar dei tre spesialøvingane som då stod på verdscup-programmet. Og han vann den alpine kombinasjonen i Kitzbühel. Under vinter-OL 1976 i Innsbruck kom han på fjerdeplassen i slalåm og sjuandeplassen i utfor.

I 1977 kom Tresch i verdscupen som best på ein tredjeplass i slalåm, før han vann kombinasjonen i Wengen.

Tresch la opp i 1977, etter å ha vunne fire renn i verdscupen i alpint. Fjorten gongar stod han på pallen, flest gongar (6) etter kombinasjonsøvingar.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Øving
16. januar 1971 St. Moritz Sveits Utfor
9. januar 1976 Garmisch Tyskland Kombinasjon
25. januar 1976 Kitzbühel Austerrike Kombinasjon
23. januar 1977 Wengen Sveits Kombinasjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]