Walter Wiemken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walter Wiemken

Sjølvportrett, 1939]]
Statsborgarskap Sveits
Fødd 14. september 1907
Basel
Død

30. desember 1940 (33 år)
Castel San Pietro

Yrke kunstmålar
Medlem av Gruppe 33
Walter Wiemken på Commons

Walter Kurt Wiemken (14. september 190730. desember 1940) var ein sveitsisk målar frå Basel. Arbeida hans syner påverknaad frå både ekspresjonisme, impresjonisme og surrealisme.

'Forstad i Paris om våren', ca. 1928
'Krigen', 1937

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Wiemken var opphavleg tyske, men fekk i 1898 sveitsiske statsborgarskap då dei hadde busett seg i Basel. Wiemken vart sjuk med polio då han var fire månader gammal, og var sidan hjelpetrengande. Han levde heile livet i foreldreheimen, der han også hadde sitt atelier.

I åra 1923-27 var Wiemken student ved yrkesskulen i Basel. Han gjekk i klassa med kunstgrafikk, der Fritz Baumann var læraren hans. Baumann hadde grunnlagt den ekspresjonistiske kunstnarkrinsen Das neue Leben (Det nye livet), og formidla også ideane til kunstrørsla Bauhaus. Wiemken sin illustrasjonar frå den tida er bygt på ekspresjonismen. Kring same tida søkte Wiemken kontakt med kunstnargruppa Rot-Blau (Raud-blå), ei gruppe som bestod av elevar av Ernst Kirchner.

Sommarsemesteret 1927 studerte Wiemken ved kunsthandverksakademiet i München. Han gjekk der i lære hos Fritz Hellmut Ehmcke og Richard Klein. Etter opphaldet i München reiste Wiemken saman med Otto Abt på studietur til Paris. Hans siste ekspresjonistiske måleri er frå dette opphaldet. Der laga dei nesten berre dystre gatescener. Deretter var Wiemken oppteken med impresjonismen. I åra 1928 og 1929 reiste Wiemken saman med sine livslange kunstnarvener, Walter Bodmer og Otto Abt, til kunstnarkolonien Collioure i Roussillon og sidan i kantonen Ticino. På desse turane skapte dei framifrå landskapsbilete. Wiemken og vennene hans besøkte Collioure fleire gongar fram til 1939.

Synet av gravferda til ei jente og på same tid den daglege verksemda til ein slaktar, fekk varig verknad for det kunstnariske arbeidet til Wiemken. Dei sterke motsetningar og hendingar i menneskelivet er ofte samtidig til stades i måleria hans. På 1930-talet syner Wiemken sin kunst påverknad frå surrealistiske verk laga av Serge Brignoni, Kurt Seligmann og Pablo Picasso. Arbeida hans var prega av at sol- og skuggesidene i menneskelivet var slik dei var. I 1936 deltok Wiemken i utstillinga Zeitprobleme in der Schweizer Malerei und Plastik i Kunsthaus Zürich.

Saman med venene Bodmer og Abt høyrde Wiemken i 1933 med mellom grunnleggjarane av Gruppe 33, i protest mot dei konservative tendensane i dei sveitsiske kunst- og arkitekturmiljøa, særleg i Basel. Gruppe 33 hadde ei klar anti-fascistisk orientering. Åra 1936 og 1937 vart Wiemken, gjennom venen Bodmer, påverka av den konstruktivistiske kunsten. Wiemken reiste til Belgia i 1937 og sette stemne med den surrealistiske kunstnaren James Ensor.

30. desember 1940 gjekk Wiemken seg ein tur. Han omkom, men liket vart funne først fleire veker seinare, den 23. januar 1941, i Breggiajuvet nær Castel San Pietro.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Walter Wiemken