Walther PP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Walther PP er ein pistol med bakslagsmekanisme laga i Tyskland, Frankrike og USA til ulike tider. Han har utvendig hane/hammar, avtrekkjar som kan brukast som sjølvspennar - det vil seie til å spenne hanen med, eit magasin med éi kulerekkje, og ei tilbakeføringsfjør som sit rundt det faste løpet.

PP står for Polizei-Pistole på tysk, det vil seie at pistolen er konstruert for politi-bruk. Han finst au i ein PPK-versjon som er enda mindre enn PP. PPK tyder Polizei-Pistole Kriminal eller - Kurz (kort). Denne er da enda lettare å skjule på kroppen for sivilkledd politi, til dømes.

PP kom i 1929, og PPK i 1931. Begge vart populære hjå europeisk politi og sivile. Dei var pålitelege og lette å gøyme. Under andre verdskrigen vart dei gjevne til tysk militærpoliti og flygarar i Luftwaffe.

PP og PPK var dei første vellykka sjølvladepistolane med sjølvspennar, og har vore mykje kopierte. Dei blir framleis produserte av Walther-fabrikkane, og blant kopiane kan reknast mellom andre den sovjetiske/russiske Makarov-pistolen og tsjekkiske CZ 50/70.

Ein PPK vart visstnok bruka av Adolf Hitler da han begikk sjølvmord i 1945. Den fiktive britiske agent 007, James Bond, brukar au ein PPK i bøker og filmar.

Det vanlegaste kalibret for PP og PPK er kaliber .32 ACP (7.65 mm x 17 Browning).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Walther PP

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, som har ein lengre artikkel om denne pistolen [1]