Waltzing Matilda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein gamal swagman fotografert kring 1910

«Waltzing Matilda» er ein kjend australsk song, skriven av den australske «bush»-poeten og nasjonalisten Banjo Paterson.

Visa handlar om ein omvandrande lausarbeidar, ein swagman. Dette var folk som gjekk frå gard til gard for å skaffe seg arbeide. Sekken eller pakninga som slike lausarbeidarar gjekk med på ryggen, vart kalla Matilda. I visa sit lausarbeidaren i skuggen under eit tre ved ein billabong (kroksjø) og kokar seg vatn, då ein sau kjem ned til vatnet for å drikke. Han tek sauen og stapper han i sekken, men vert oppdaga av bonden og tre politimenn som kjem til. For ikkje å verte arrestert for tjuveriet, som kunne føre til dødsstraff ved henging, druknar han seg i vatnet, og går deretter att på staden som eit spøkje som syng: «Who'll come a-Waltzing Matilda, with me?».


Kjelder[endre | endre wikiteksten]