Wandsworth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wandsworth

St Anne's Church, Wandsworth
St Anne's Church, Wandsworth
Plassering
Wandsworth is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt London Borough of Wandsworth
Geografi
Koordinatar 51°28′″N 0°12′″WKoordinatar: 51°28′″N 0°12′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SW18
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wandsworth

Wandsworth er ein indre forstad på sørsida av elva Themsen i sørvestlege London. Wandsworth har namnet sitt frå elva Wandle som går saman med Themsen ved Wandsworth. Området er identifisert i London-planen som ein av 35 større sentera i Stor-London. [1]

Wandsworth blir nemnt i Domesday Book frå 1086 som «Wandesorde» og «Wendelesorde». Dette tyder «inngjerdinga til (ein mann ved namn) Waendel», viss namn òg er lånt til elva Wandle.[2] Området var den gongen ått delvis av ein William, son av Ansculf, og delvis av klostret St Wandrille's Abbey. Aktivuma deira som var lista i Domedagsboka bestod av 12 hider, med 5 og halv plogar og 22 åkrar av engmark, til ein verdi av 9 pund.[3]

Den store franske diktaren Voltaire budde her på 1700-talet under det engelske eksilet sitt.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sidan minst byrjinga av 1500-talet har Wandsworth tilbode husrom til ei samanhengande bølgje av innvandring, frå hollandske protestantiske metallarbeidarar som flykta frå forfølging på 1590-talet og til nyare austeuropeiske menneske frå andre medlemsstatar av EU. [4] Ein tilstrømming av franske hugenottiske flyktningar tidleg på 1600-talet kan sjåast i mange lokale gatenamn. Det er ei rekkje av små og kostbare terrasserte hus (kjent lokalt som Tonsleys) bak Old York Road, det tidlegare sentrumet av gamle Wandsworth som stig til eit område av større, terrasserte hus langs vegane som er omgjeve av West Side Wandsworth Common, Earlsfield Road og East Hill. I kontrast er den nedre delen av East Hill ei samling av større terrasseblokker og rekkehus.

I samsvar med ein artikkel i avisa The Guardian i 2004: «Wandsworth har ein større del av menneske viss livsstil, livssyn og trendar har forma tidsanda meir enn nokon annan stad i Storbritannia. Wandsworth er med andre ord kulare enn noko anna stad i Storbritannia.»

I samsvar med avisa Evening Standard er Wandsworth sjølve «hotspot» for dei folka i London som har inntekt over 100 000 pund.

I nærleiken ligg Wandsworth fengsel, det største i London, og det nest største i Storbritannia etter Liverpool.

Wandsworth fengsel

Mellom bykjernen og elva ligg bryggeriet Young & Co's Ram Brewery i hjartet av Wandsworth. Tradisjonelt fatøl har vore produsert på denne staden sidan 1581, noko som gjer Ram Brewery til den eldste staden i Storbritannia der øl har vorte brygga samanhengande.

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Stader i nærleiken[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Londons borgarmeister (Februar 2008): «London Plan (Consolidated with Alterations since 2004)». (PDF) Stor-Londons styresmakter.
  2. Oxford Dictionary of British Place Names. Side 482.
  3. Surrey Domesday Book
  4. Time Out London for Londoners. London: Ebury Publishing. 2006. ISBN 978-1-904978-52-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]