Wankelmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Animasjon som viser korleis wankelmotorens verker.

Wankelmotor er ein eksentrisk rotasjonsmotor utvikla av Felix Wankel og Hanns Dieter Paschke for NSU-konsernet. Han skil seg frå stempelmotorar med linear rørsle ved å ha ein trekanta rotor som går rundt i eit hus forma som ein epitrokoide. Wankelmotoren arbeider etter firetaktsprinsippet

Gjennomskoren wankelmotor.

Felix Wankel fekk sitt første patent på ein motor i 1929, og tidleg på 1950-talet byrja han arbeida for NSU. I 1957 hadde han klar ein protoyp,[1] ein DKM-motor (Drehkolbenmotor). Same året hadde Paschke utvikla ein KKM-motor (Kreiskolbenmotor).

Wankelmotoren blei brukt av NSU i bilen NSU Wankel Spider frå 1964, og seinare i NSU Ro 80, men på grunn av tekniske problem blei ikkje dette nokon suksess. Mazda nytter framleis motoren i sine sportsbilar, til dømes i Mazda RX-7 og Mazda RX-8. Norton Motorcycle Company og Suzuki brukte også motortypen i sine motorsyklar. I 1975 tok Dolmar til å produsera ei motorsag, KMS4, med wankelmotor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sherman, Don (February 2008). «The Rotary Club». Automobile Magazine: 76–79. 
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.