Wari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Middelhorisonten

Wari eller Huari var ein sivilisasjon som blomstra opp i Andes i mellomhorisonten ca år 500 til 1200 (800) e.Kr. Hovudstaden låg nær den moderne byen Ayacucho, Peru. Byen var eit senter i eit rike som dekte store delar av høglandet og strekte seg ut til kysten i det som i dag er Peru. Territoriet ekspanderte tidleg til det femna om byen Pachacamac, det ser ut til han heldt fram med ei stor grad av sjølvstyre innanfor Wari. Seinare tok waririket mykje av territoriet som før var Moche

Wari vart det fyrste riket i området som ser ut til å ha ekspandert med hjelp av erobringar. Det vart eit av dei største rika i Sør-Amerika, kom føre Chimu og samstundes med Tiwanaku som delte nokre av dei kunstnariske uttrykksformer med Wari. Kontakten mellom Wari og Tiwanaku hende innanfor ein periode på 50 år då det føregjekk sporadiske samanstøyt om ei gruve som først vart okkupert av Tiwanaku. Gruva kryssa grensene mellom interessesfærane for dei to rika, waririket prøvde å sikre seg gruva, men lukkast ikkje med det.

Waristaten etablerte provinssentra med særmerka arkitektur. Kring 300 år etter at riket kollapsa vart Tawantinsuyu, inkariket, den dominerande makta i Andesregionen.

Inkaene tok over terrasseringsteknologien frå Wari då dei starta med å forbetre produktiviteten i jordbruket. Inkariket drog føremon av annan infrastruktur frå waririket. Eit hovudvegnett gjennom waririket vart eit døme til etterfølging for inkariket. Dei fekk òg det store religiøse senter Pachacamac, som eit motsvar til Tiwanaku.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]