WarioWare, Inc.: Minigame Mania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
WarioWare, Inc.: Minigame Mania
Utviklar(ar) Nintendo R&D1
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie WarioWare
Sjanger Minispel-samling
Spelmodus Einspelar
Utgjeving JP 21. mars 2003
EU 23. mai 2003
NA 26. mai 2003
AUS 6. juni 2003
Medium Spelekassett på 64 megabit
Aldersgrense PEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G

WarioWare, Inc.: Minigame Mania (メイド イン ワリオ Made in Wario), kjent i Nord-Amerika som WarioWare, Inc.: Mega Microgame$!, er ei samling av minispel for Game Boy Advance, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan mars 2003 og i Europa og Nord-Amerika mai same året. Spelet er det første i WarioWare-serien, der Wario og nokre vener skipar eit føretak som lagar dataspel.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Spelet startar i heimen til Wario, der han slår på fjernsynet for å sjå ei sending om at sal av dataspel går oppover. Etter ei ørlita stund skjøner Wario at dataspel kan vere ei potensiell gullgruve for han. Han renner ut av huset og kjøper seg ei datamaskin for å lage dataspel. Kort etter at han har sett seg ned for å programmere, finn han ut at dette er tungt arbeid. Han ringer nokre vener for å få hjelp i programmeringa. Slik blir WarioWare, Inc. skipa, der Wario sjølv er president.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

WarioWare, Inc.: Minigame Mania går ut på at spelaren må klara seg i gjennom seriar av særs korte spel, i spelet kalla for «mikrospel», som kjem etter tur. Desse spela kan handle om alt mogleg; frå å pusse tenner til å steikje egg i panne. Ein må klare spela innan ein tidsfrist på rundt fem sekund for å ikkje tape. Spelaren får fire liv i kvar omgang, og mistar eitt av dei for kvart tapte mikrospel. Mistar ein alle fire liva er spelet over, og ein må starte på nytt. Mellom kvar av mikrospela er det ein mellomsekvens. Her kan ein sjå kor mange mikrospel ein har klart og kor mange liv ein har att. Kontrollen i spelet baserer seg i hovudsak på styrekrossen og A-knappen når ein speler mikrospel, men i menyane blir fleire knappar brukte.

Spelet er delt inn i fleire nivå, der kvart nivå femner mikrospel under kategoriar som sport, natur eller sci-fi. Alle nivåa har ein eller to WarioWare-figurar knytte til seg, alle med si eige korte historie. På slutten av nivåa må spelaren klare eit vanskelegare mikrospel (en: Boss Stage), som ofte er lengre og meir krevjande enn dei vanlege mikrospela. Etter å ha klart nivået vil nye nivå bli tilgjengelege, og spelaren kan prøve det greidde nivået om att for å slå eigne rekordar.

Omlaging[endre | endre wikiteksten]

WarioWare, Inc.: Mega Party Games!
Utviklar(ar) Nintendo R&D1
Intelligent Systems
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie WarioWare
Sjanger Samværspel
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Utgjeving JP 17. oktober 2003
NA 5. april 2004
EU 3. september 2004
Medium 1 Optisk GameCube-plate
Aldersgrense PEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E

WarioWare, Inc.: Mega Party Games![endre | endre wikiteksten]

WarioWare, Inc.: Minigame Mania blei laga om på Nintendo GameCube som WarioWare, Inc.: Mega Party Games! (あつまれ!!メイド イン ワリオ Atsumare!! Made in Wario). Det vart gjeve ut i Japan 17. oktober 2003, i Nord-Amerika april 2004 og i Europa september same året. Spelet inneheld alle mikrospela i Minigame Mania, men har også nye spel for fleire spelarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]