WarioWare: Smooth Moves
| WarioWare: Smooth Moves | |
| Utviklar(ar) | Intelligent Systems |
|---|---|
| Utgjevar(ar) | Nintendo |
| Serie | WarioWare |
| Sjanger | Samværspel |
| Spelmodus | Einspelar, fleirspelar |
| Utgjeving | JP 2. desember 2006 EU 12. januar 2007 NA 15. jauar 2007 AUS 25. januar 2007 |
| Medium | 1 Optisk Wii-plate |
| Aldersgrense | PEGI: 7+ CERO: A ESRB: E10+ OFLC: G |
WarioWare: Smooth Moves (おどるメイド イン ワリオ Odoru Made in Wario) er eit samværspel for Wii, utvikla av Intelligent Systems. Det var gjeve ut i Japan i lag med Wii-konsollen desember 2006, og i Europa, Nord-Amerika og Australia i januar 2007. Spelet er det femte i dataspel-serien WarioWare, og byggjer i likskap med føregangarane på ei samling av småspel som varer om lag fem sekund kvar.
Oppsett [endre]
Som føregangarane fokuserer WarioWare: Smooth Moves på særs korte «mikrospel» som kjem etter tur og som spelaren må greie. Om spelaren ikkje greier eit mikrospel kostar dette spelaren eitt av fire liv, og går spelaren tom for desse liva er spelet slutt. Dei ulike mikrospela krev at spelaren held Wii-fjernkontrollen på ulike vis og nyttar rørsler for å styra. Spelet er delt inn i fleire nivå, kvar av dei representerte av ein WarioWare-karakter med tilhøyrande mikrospel og ei laus historie. For kvart nivå introduserer spelet ein eller fleire nye måtar å halda Wii-fjernkontrollen på, i spelet kalla for «former», slik at mikrospela skil seg frå kvarandre. Alle nivåa har ei større utfordring på slutten; eit endenivå som er eit mikrospel meir komplekst, krevjande og lenger enn dei andre. Etter at ein spelar har greidd alle nivåa i einspelar-modus blir ein fleirspelar-modus tilgjengeleg. Her kan opp til tolv spelarar spela i lag ved å dela på ein Wii-fjernkontroll etter tur. WarioWare: Smooth Moves har rom for opp til tolv ulike profilar for ulike spelarar, og desse kan ein knyta personlege Mii-figurar til.
Bakgrunnsstoff [endre]
- WarioWare: Smooth Moves på Nintendo.no
|
|
|
|---|---|
| Wario-plattformspel | Wario Land: Super Mario Land 3 · Virtual Boy Wario Land · Wario Land II · Wario Land 3 · Wario Land 4 · Wario World · Wario: Master of Disguise · Wario Land: The Shake Dimension |
| WarioWare-spel | Inc.: Minigame Mania · Twisted! · Touched! · Smooth Moves · Snapped! · D.I.Y. |
| Andre spel | Super Mario Land 2: 6 Golden Coins · Mario & Wario · Wario's Woods · Wario Blast: Featuring Bomberman! |