WarioWare: Touched!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
WarioWare: Touched!
Utviklar(ar)Nintendo SPD
Intelligent Systems
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Yoshio Sakamoto
SerieWarioWare
Plattform(er)Nintendo DS, Wii U, Nintendo 3DS
UtgjevingJP: 2. desember 2004
NA: 24. februar 2005
EU: 11. mars 2005
SjangerMinispel-samling
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
OFLC: G
MediumNintendo DS-spelkort
Nettstadhttp://www.nintendo.co.jp/ds/azwj/index.html
Del av serien WarioWare⠀
WarioWare: Twisted! · WarioWare: Smooth Moves

WarioWare: Touched! (さわる メイドインワリオ Sawaru Made In Wario) er ei samling av minispel for Nintendo DS, utvikla og utgjeve av Nintendo. Det var gjeve ut i Japan desember 2004, i Nord-Amerika februar 2005 og i Europa mars same året. Touched! er det fjerde spelet i WarioWare-serien.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Spelet har same oppsett som i føregangarane, der spelaren må klare mikrospel som varer i berre nokre få sekund. Nytt i Touched! er at spelaren berre bruker peikeskjermen og mikrofonen for å styre i mikrospela. Døme på mikrospel er å klø Wario på ryggen, fange ei and ved å skjere over eit tau, og fange fisk med håv. Alle karakterane i spelet har sin eigne speleteknikk for variasjon mellom nivåa, som å berre trykkje på skjermen eller å gni skjermen med peikepennen. Ein kan vinne små «leikar» å sysle med ved å klare nok mikrospel på ein gong.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]