Warren Peace

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Warren Peace (eigentleg «War and Peace») eit psevdonym for Geoffrey Alexander MacCormack (òg kjend som GA MacCormack og Mac Cormack), ein engelsk vokalist, låtskrivar og dansar. Han er mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie i 1970-åra.

Musikalsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Peace var ven av Bowie sidan skuledagane i Bromley, og medverka med korvokal til fleire album av Bowie. Det første var Aladdin Sane i 1973 og han vart verande med Bowie til og med Station to Station i 1976. Han song med Bowie på turneane i USA og Japan i 1973, og reiste tilbake til Storbritannia via den transsibirske jernbanen med Bowie, som nekta å fly. Han spelte så på den siste britiske turneen som enda med at Ziggy Stardust «pensjonserte» seg i Hammersmith Odeon i juli (seinare gjeven ut som Ziggy Stardust - The Motion Picture).

Med Bowie, skreiv Peace musikk for «Rock 'n' Roll With Me» på Diamond Dogs (1974) og seinare «Turn Blue» på Iggy Pop sitt Lust for Life (1977). Han var med som ein av 'Astronette'-dansarane og vokalist i The 1980 Floor Show, ein fjernsynsspesial med Bowie i oktober 1973, og som ein av dansarane og korvokalistane under 'Diamond Dogs'-turneen i 1974 (konsertopptak er gjeven ut som David Live). I lag med Ava Cherry og Jason Guess, og med Bowie som låtskrivar og produsent, spelte Peace inn eit album ved Olympic Studios seint i 1973, som omsider kom ut som People from Bad Homes i 1995.

Anna arbeid[endre | endre wikiteksten]

I 2007 gav Peace (då med det verkelege namnet Geoff MacCormack) ut From Station to Station: Travels With Bowie 1973-76, ei illustrert forteljing om tida si med Bowie.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

David Bowie[endre | endre wikiteksten]

Iggy Pop[endre | endre wikiteksten]

The Astronettes[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]