Was mir behagt, ist nur die muntre Jagd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Was mir behagt, ist nur die muntre Jagd!
BWV 208
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1713
Første framføring 21.-22. februar 1713
Publiseringsdato 1881
Typisk lengd 37:09
Satsar 14

Was mir behagt, ist nur die muntre Jagd!, BWV 208, òg kjend som Jaktkantaten, er ein kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Arie 5, «Schafe können sicher weiden» er kanskje den mest kjende delen av denne kantaten.

Han vart komponert i Weimar i 1713 for bursdagsfeiringa til hertug Kristian av Sachsen-Weißenfels i Weißenfels den 21.-22. februar. Stykket vart framført på nytt 23. februar 1716, truleg i Weimar for bursdagen til hertug August av Weimar og igjen i 1742 i Leipzig for namnedagen til kurfyrste Friedrich August II av Sachsen.

Teksten er skriven av Salomo Franck.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre jaktvalthorn, to oboar, fagott, to blokkfløyter, strykarar, cello i basso continuo, samt fire songsolistar (to sopranar, tenor, bass) og kor som består av solistane.

Det består av 14 satsar:

  1. «Was mir behagt, ist nur die muntre Jagd!», Resitativ for sopran
  2. «Jagen ist die Lust der Gotter», Arie for sopran
  3. «Wie, schonste Gottin? wie?», Resitativ for tenor
  4. «Willst du dich nicht mehr ergetzen», Arie for tenor
  5. «Ich liebe dich zwar noch!», Resitativ for sopran & tenor
  6. «Ein Furst ist seines Landes Pan», Arie for bass
  7. «Soll dann der Pales Opfer hier das letzte sein?», Resitativ for sopran
  8. «Schafe konnen sicher weiden», Arie for sopran
  9. «So stimmt mit ein und lasst des Tages Lust volkommen sein», Resitativ for sopran
  10. «Lebe, Sonne dieser Erden», Koral
  11. «Entzucket uns beide, ihr Strahlen der Freude», Arie for sopran & tenor
  12. «Weil die wollenreichen Heerden», Arie for sopran
  13. «Ihr Felder und Auen», Arie for bass
  14. «Ihr lieblichste Blicke, ihr freudige Stunden», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]