Wassail song

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Wassail Song» framført av U.S. Army Band.

«The wassail song», ofte kjend under førstelinja «Here we come awassailing» eller «Here we go awassailing» (også «a-wassailing», «a-whistling», «a-caroling») er ein tradisjonell engelsk julesong som viser til wassailskikken med å vitja hus med song og dela mat og drikke. Ein annan wassailsong som tidvis også blir kalla «The wassail[ing] song» er har opningslinja «Wassail, wassail! all over the town».

Here we come a wassailing
Among the leaves so green,
Here we come a wandering
So fair to be seen.

Første verset[1]

Good Master and good Mistress,
As you sit by the fire,
Pray think of us poor children
Are wandering in the mire.

Fjerde verset[1]

Folkesongen blei først trykka på 1800-talet, og var då kjend over store delar av England. Han kan vera nokre hundreår eldre. Han skildrar det å gå wassailing (ei form for julebukk), og songarane ber i dei ulike versa om mat, drikke og litt pengar. I det siste verset blir familien dei vitjar signa, og i kvart vers blir tilhøyrarane ønskt kjærleik, glede og godt nyttår. Songen skil seg frå mange andre julesongar ved ikkje å visa til juleevangeliet, men berre til julefeiringa og dei fattige som ber.

Framføring[endre | endre wikiteksten]

«The wassail song» er blitt ein populær framføringssong også i område der ein ikkje har tradisjon for wassailing. Han er mellom anna blitt spelt inn av:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 THE WASSAIL SONG ved hymnsandcarolsofchristmas.com, som oppgjev The Oxford Book of Carols som kjelde.