Watch That Man
| Watch That Man av David Bowie frå albumet Aladdin Sane |
||
| Utgjeve | 13. april 1973 | |
| Innspelt | Trident Studios, London 9 December 1972 - 24 January 1973 |
|
| Sjanger | Hardrock Glamrock |
|
| Lengd | 4:25 | |
| Selskap | RCA | |
| Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
|---|---|---|
| Produsent | Ken Scott, David Bowie | |
«Watch That Man» er ein song skriven av David Bowie og opningssporet på albumet Aladdin Sane frå 1973. Stilen vert ofte samanlikna med The Rolling Stones sitt Exile on Main Street,[1][2][3] og har vorte omdiskuterte på grunn av miksen.[1][4]
Innhaldsliste |
Produksjon [endre]
NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray trekkjer fram «Watch That Man» som hovuddømet på ei samling songar på Aladdin Sane som vart «skriven for raskt, spelt inn for raskt og miksa for raskt». Dei meinte at songen «ikkje høyrdest ferdig miksa ut.».[1] Medprodusent Ken Scott forsvarte derimot miksen i 1999 og sa at det heile var nøye gjennomtenkt:[4]
| « | 'Watch That Man' var ei Stones-liknande sak med vokal nytta som eit instrument i staden for eit soloinstrument. Når me skulle mikse songen, for å få krafta ut av han, skrudde eg opp alt, så gjorde at me mista litt av vokalen. Så eg miksa han slik eg følte han. Då me leverte lydbanda for albumet, høyrde eg frå MainMan, 'Flott, men kan me få ein ny miks av «Watch That Man» med vokalen meir framme, så me kan høyre meir av David?' Så eg sa, 'Greit', og gjorde ein miks med David meir framme. Problemet var at med vokalen meir framme, måtte dei andre instrumenta ned. Så, eit par veker seinare, fekk eg ein telefon frå RCA og dei sa 'Du hadde rett, me går for originalen.' | » |
Musikk og tekst [endre]
I følgje forfattar Nicholas Pegg kan «Watch That Man» reknast som «ein av dei mest kalkulerte retningsendringane til Bowie», til ein meir more Stones-inspirert skitten rockestil. Bowie sjølv indikerte det året songen kom ut at det var minna hans om starten på den dop-drivne amerikanske turneen seint i 1972.[2] Rolling Stone kalla han «uforlikneleg Stones, Exile-årgang. Mick Ronson spelar Chuck Berry-riff via Keith Richards, Garson spelar som Nicky Hopkins, Bowie uttaler linjene sine utydeleg og dei kvinnelege korsongarane og blåsarane lagar høvande lydar»[3]
Konsertversjonar [endre]
- Eit konsertopptak vart gjeven ut på Ziggy Stardust - The Motion Picture frå farvelkonserten til Ziggy Stardust ved Hammersmith Odeon i London, den 3. juli 1973.
- Eit konsertopptak frå 1974 vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på Sound and Vision-boksen og på albumet Rock Concert.
Andre utgjevingar [endre]
- Songen vart gjeven ut som B-side til den italienske utgåva av singelen «Let's Spend the Night Together» i juni 1973.
- Han finst på den japanske samleplata The Best of David Bowie frå 1974.
Andre versjonar [endre]
Lulu spelte inn songen i 1973, som B-side til singelen «The Man Who Sold the World», ein annan Bowie-song, den 11. januar 1974. Bandet omfatta Bowie på gitar, saksofon og korvokal, Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass, Mike Garson på piano, og Aynsley Dunbar på trommer. Songen vart produsert av Bowie og Ronson, og har vorte skildra for å ha «ein miks og ein korvokal som lett overgår originalen».[5] Denne versjonen vart òg gjeven ut på albuma From Crayons to Perfume, Heaven and Earth and the Stars og David Bowie Songbook (med forskjellige artistar).
I nyare tid har indiebandet Fur Ones spelt songen på hyllestalbumet Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003).
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Watch That Man» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.54
- ↑ 2,0 2,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.232
- ↑ 3,0 3,1 Ben Gerson (19 July 1973). «Aladdin Sane». Rolling Stone (Rolling Stone).
- ↑ 4,0 4,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.188
- ↑ Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Op Cit: s.118