Watchmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Watchmen
Forfattar Alan Moore
Illustratør Dave Gibbons
Lansert September 1986
Sluttdato Oktober 1987
Forlag DC Comics

Watchmen er ein 12-binds teikneserie skrive av Alan Moore og teikna av Dave Gibbons. Han vart opphavleg publisert av DC Comics som ein månadleg (avsluttande) serie frå 1986 til 1987 og vart seinare gjeve ut i samleutgåve. Per dags dato er Watchmen den einaste teikneserien som har vunne ein Hugo-pris og er òg den einaste grafiske romanen på Times si liste over dei 100 beste engelskspråklege romanen frå 1923 til i dag.

Handlinga i Watchmen er lagt til eit alternativt USA i 1985 der superheltar eksisterer og landet kjem nærare og nærare ein atomkrig med Sovjetunionen. Romanen fortel historia om tidlegare og noverande superheltar og omstendet rundt det mystiske drapet på ein av deira eigne, superhelten Komikaren. Watchmen portretterer superheltar som verkelege menneske som må konfrontere etiske og personlege dilemma, som slit med nevroser og fiaskoar og som -med eitt svært tydeleg unntak- totalt manglar superkrefter i ordet si vanlege meining. Watchmen sin dekonstruksjon av den konvensjonelle superheltarketypen, kombinert med den innovative bruken av cinematiske teknikkar og tunge bruk av symbolikk, mangefasetterte dialogar og metafiksjon har influert både andre teikneseriar og film.

Serien vart første gong gjeve ut på norsk i 1987 under tittelen Vektere og filmutgåva kom på kino den 6. mars 2009.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Alan Moore, som ønska å transcendere den stereotype oppfatninga av teikneserien som noko barnsleg, skapte Watchmen i eit forsøk på å lage «a superhero Moby-Dick; something that had that sort of weight, that sort of density.»[1] Moore nemner òg William S. Burroughs som ei av hovudinspiratorane hans under arbeidet med Watchmen[1].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Alan Moore Interview 1988" Johncoulthart.com