Waterford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waterford
Waterford.jpg
Byvåpenet til Waterford
Byvåpenet til Waterford
Motto
«Urbs Intacta Manet Waterfordia»
(Waterford forblir den uerobra byen)
Plassering
Waterford is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Munster
County Waterford
Grunnlagd 914
Geografi
Flatevidd
 - By

41,58 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Byområde

49 240
  1 184/km²
45 755
Koordinatar 52°15′30″N 7°7′8″WKoordinatar: 52°15′30″N 7°7′8″W
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.waterfordcity.ie


Waterford (irsk Port Láirge, gamalnorsk Veðrafjǫrðr, «vindfull fjord») er femte største byen i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Waterford og den viktigaste byen søraust i landet. Han vart grunnlagd i år 914 av vikingar og vart den første byen på Irland.[1]

Waterford er den største byen Irland som har halde på sitt opphavlege vikingnamn, Vedrarfjord.[1] Reginald's Tower er den eldste bybygningen på Irland og det eldste monumentet som har halde på vikingnamnet sitt.

Byen har nær 50 000 innbyggjarar og 45 000 av dei bur innanfor bygrensene, medan resten held til i forstadane i County Kilkenny.[2]

Elva Suir renn gjennom Waterford og har danna grunnlaget for den lange maritime historia til Waterford. Hamna i Waterford har vore ei av dei største hamnene i Irland i over tusen år. På 1800-talet var skipsbygging ein stor industri i byen. Eigarane av Neptune Shipyard, Malcomson-familien, bygde og opererte den største flåten av jerndampskip i verda mellom midten av 1850-åra og seint i 1860-åra, inkludert fem transatlantiske passasjerskip.[1] I dag er Waterford synonymnt med Waterfordkrystall, ein av dei mest langvarige og suksessrike industriane i byen. Glas og krystall har vore produsert i byen sidan 1783.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vikingar på tokt oppretta ein busetnad ved Waterford i 853, men han vart fråflytta i 902 då dei vart driven bort av innfødde irar. Vikingane grunnla Waterford på ny i 914 og bygde det som kom til å bli den første byen i Irland.

I 1137 prøvde Diarmuid MacMorrough, kongen av Leinster, å ta Waterford, men klarte det ikkje. Han kom tilbake i 1170 med normanniske leigesoldatar under Richard de Clare (Strongbow) og i lag omleira dei og tok Waterford. Dette var starten på anglo-normannarar sitt inntog på Irland. I 1171 gjekk Henrik II av England i land ved Waterford. Waterford, og seinare Dublin, vart erklært ein del av krona og Dublin vart utropt til hovudstad på Irland.

Gjennom mellomalderen var Waterford den andre byen på Irland etter Dublin. På 1400-talet dreiv Waterford bort to pretendantar til den engelske trona: Lambert Simnel og Perkin Warbeck. Som følgje av dette gav kong Henrik VII byen sitt motto: Urbs Intacta Manet Waterfordia («Waterford forblir den uerobra byen»).

Etter Reformasjonen vart Waterford verande ein katolsk by og deltok i konføderasjonen Kilkenny - eit sjølvstendig katolske styre frå 1642-1649. Dette enda brått med Oliver Cromwell, som førte landet tilbake til engelsk styre. Nevøen hans, Henry Ireton, tok til slutt Waterford i 1650 etter ei stor omleiring.

1700-talet var ein velståande periode for Waterford. Det meste av den vakraste arkitekturen i byen er frå denne tida. På 1800-talet blømde industriar som glasverk og skipsbygging i byen.

I juli 1922 var Waterford åstad for kamphandlingar mellom Den irske fristaten og irske republikanarar under den irske borgarkrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Waterford

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Discover Waterford av Eamon McEneaney (2001). (ISBN 0-86278-656-8)
  2. Folketeljing 2006: Folketal etter område - cso.ie

Kjelde[endre | endre wikiteksten]