Waterloo & City-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Waterloo & City-linja er ei kort linje i London Underground. Den blei formelt opna 11. juli 1898. Linja har berre to stasjonar, Waterloo og Bank. Sistnemnde heit opphavleg City; av di namnet på linja. Årsaka til at ein har ei linje på berre 2,5 km med to stasjonar, og køyretid på fire minutt, er at den er nødvendig for å ta unna dei store mengdene med pendlarar som skal reise mellom Waterloo stasjon og City of London. Linja går ikkje seint på kvelden og på søndagar. Linja er merkt av med turkis farge på undergrunnskartet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Linja blei designa av sivilingeniørane W.R. Galbraith og James Henry Greathead. Den var fyrst ein del av London and South Western Railway, og blei i 1923 ein del av Southern Railway. I 1948 blei den nasjonalisert saman med andre sentrale jarnbanestrekningar. Den fungerte som ei forlenging av hovudlinja inn til Waterloo jarnbanestasjon. Jarnbana skulle eigentleg ha gått heilt inn til City of London, men i 1846 blei det vedteke eit forbod mot togferdsel over bakken i det sentrale London. Billettsystemet var lenge det same som for vanleg jarnbanetrafikk. Det var ikkje før i 1994 at den blei overdregen til London Underground, og den blei då selt for eitt pund. Delar av den gamle merkinga finst framleis på nokre av toga.

Undergrunnsbana i London er kjend som The Tube (Tuben), på grunn av forma på tunnelane. Waterloo & City har også kallenamnet The Drain (Sluket), delvis på grunn av sumpmarka den er bygd, og delvis fordi dei djupe tunnelane minner om avløpssluk.

Linja er den einaste som berre går under bakken; likevel er den einaste delen av Victoria-linja som ligg i dagen depotet. Før den nye internasjonalen terminalen på Waterloo blei bygt i 1990, måtte vognene heisast opp ein om gongen utanfor nordveggen til jarnbanestasjonen når dei skulle inn på depotet. Det blir no brukt ei flyttbar kran som kan gjere det i ei eiga sjakt ved sida av depotet.

Waterloo & City hadde tidlegare eit eige kolkraftverk. Spor etter servicetunnelen kor kolet blei levert er framleis synleg ved Waterloo.

Linja hadde opphavleg trevogner. Desse blei brukte frå opninga i 1898 og fram til 1940, då dei blei bytta ut. Desse heldt i over femti år, og blei bytta ut med nye i 1992. Dei nyaste toga var opphavleg nesten identiske med toga på Central-linja, men det er no gjort så mange modifikasjonar at dei to ikkje lenger kan utveksle materiell.

Fordi linja er stengd på kveldar og søndagar blir den oftare brukt enn andre til filminnspelingar. Blant kjende filmar som har brukt Waterloo & City er Sliding Doors frå 1998, og BBC si innspeling av The Tripods frå 1984, kor den blei utstyrd med kulissar for å likne ein stasjon i Parismetroen.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Waterloo & City-linja
Kart over Waterloo & City-linja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]