Watford Gap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M1 ved Watford Gap.

Watford Gap er ein stad ved landsbyen Watford i Northamptonshire i England som lenge har vore eit viktig punkt på reiseruta mellom Søraust-England og Midlands. Den ligg i ei opning i åsane i Northamptonshire. Namnet «gap» tyder 'opning', men kan også tyda 'avstand', og Watford Gap er mykje nytta som eit symbol på avstanden mellom Sør- og Nord-England.[1]

Romarvegen mellom søraust og nordvest, Watling Street, gjekk gjennom Watford Gap. Seinare blei staden ein viktig stoppestad på diligenceruta, og hovudkroa på staden heitte ganske enkelt The Watford Gap.

Seinare blei jernbanelinja mellom London og Birmingham, med Watford Junction stasjon, og ein del av Grand Union-kanalen lagt til same område. I 1959 opna motorvegen M1 her med eit motorvegkryss lagt til Watford.

I dag er Watford Gap mest kjent for det store motorvegserviceområdet ved M1, som var det første i sitt slag i Storbritannia. Serviceområdet tilbyr i tillegg til drivstoff og vanlege bensinstasjonvarer også overnatting, mat og forfriskingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sarah Bridge, «Watford Gap: Britain's first service area is 50», Financial Mail, 1 November 2009; «Bridging the Watford Gap», The Oxford Student , 20/05/2011