Watzespitze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Watzespitze
Watzespitze, sett frå aust
Watzespitze, sett frå aust
Høgd over havet 3 532
Ligg i/på Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Ötztaleralpane
Primærfaktor 489 m
Koordinatar 46°59′22″N 10°47′52″EKoordinatar: 46°59′22″N 10°47′52″E
Førsteklatring 1869

Watzespitze er eit 3 532 meter over havet høgt fjell i Ötztaleralpane i det austerrikske forbundslandet Tirol, og er den høgste toppen på fjellryggen. Den markante dobbeltoppen, sørtoppen av fjellet ragar 3 501 moh stupbratt over sørdelen av fjellskaret Madatschjoch, gjev eit overveldande inntrykk med sine hengebrear, bratte egger og bergveggar.

Alois Ennemoser vart fyrstemann på Watzespitze då han i 1869 klatra til topps åleine. Han nytta ei rute over isbre som i dag har smelta vekk. Alle ruter til topps på fjellet krev klatring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]