We Are the Winners

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«We Are the Winners»
Singel av LT United
Land Litauen
Språk Engelsk og fransk
Låtskrivar(ar) Andrius Mamontovas, Saulius Urbonavičius og Viktoras Diawara
«We Are the Winners»
Eurovision Song Contest 2006
Land Litauen
Artist(ar) Andrius Mamontovas, Marijonas Mikutavičius, Viktoras Diawara, Saulius Urbonavičius, Arnoldas Lukošius og Eimantas Belickas
Alias LT United
Språk Engelsk og fransk
Komponist(ar) Andrius Mamontovas og Saulius Urbonavičius
Låtskrivar(ar) Andrius Mamontovas og Viktoras Diawara
Resultat
Semifinalepoeng 163
Semifinaleplass 5
Finalepoeng 162
Finaleplass 6
Litauen i Eurovision Song Contest
«Little by Little»
(2005)
«We Are the Winners» «Love or Leave»
(2007)

«We Are the Winners» (engelsk for Me er vinnarane) var det litauiske bidraget i Eurovision Song Contest 2006, framførd på engelsk og fransk av LT United. Songen er skriven av Andrius Mamontovas, Saulius Urbonavičius og Viktoras Diawara.

Songen minner tematisk om «We Are the Champions» av Queen og i refrenget syng dei mellom anna «Me er vinnarane av Eurovision/Me, me er! [...] Så, du må røyste, røyste, røyste på vinnarane!».

Under verdsmeisterskapen i fotball i 2006 framførde gruppa songen med ny tekst. 13. juni 2006 framførde Robbie Williams songen under eit show i Belgia.[1]

Eurovision Song Contest 2006[endre | endre wikiteksten]

«We Are the Winners» er éin av få songar i Eurovision Song Contest som har vorte bua på.[2]

Semifinalen[endre | endre wikiteksten]

Sidan Litauen ikkje kvalifiserte seg til finalen i 2005 vart songen fyrst framførd i semifinalen. Songen starta som nummer 18, etter Nederland med «Amambanda» av Treble og før Portugal med «Coisas de nada» av Nonstop. Litauen fekk tilsaman 163 poeng og enda på femteplass av totalt 23 bidrag. Bidraget gjekk dimed vidare til finalen.

12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng

Irland

Polen
Latvia
Storbritannia

Finland
Estland
Island

Belgia

Bulgaria
Slovenia
Kviterussland
Moldova

5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Andorra
Ukraina
Nederland
Portugal
Kroatia
Noreg

Kypros
Monaco
Makedonia
Russland
Sverige
Danmark

Romania
Serbia og Montenegro

Tyrkia
Bosnia-Hercegovina

Tyskland
Hellas

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 14 i finalen, etter Bosnia-Hercegovina med «Lejla» av Hari Mata Hari og før Storbritannia med «Teenage Life» av Daz Sampson. Litauen fekk tilsaman 162 poeng og enda på sjetteplass av totalt 24 bidrag. Litauen vart dimed direktekvalifisert til finalen i 2007. Etter finalen song vinnargruppa Lordi refrenget til «We Are the Winners» då dei ankom pressekonferansen.[3]

12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng

Irland

Latvia
Storbritannia
Island

Finland
Estland
Polen

Danmark
Andorra
Monaco

Kroatia
Nederland
Kviterussland

5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Noreg
Ukraina

Moldova
Spania
Hellas
Portugal
Belgia
Kypros

Israel
Makedonia
Sverige
Slovenia
Serbia og Montenegro

Malta
Tyskland
Bulgaria

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. R.Williamsas dainavo „We are the winners“ (litauisk). Delfi Pramogos. Vitja 2. januar 2013.
  2. America, Meet the Eurovision Song Contest. Slate. Vitja 2. januar 2013.
  3. Lordi at winner's press conference (engelsk). ESCToday. Vitja 2. januar 2013.

Mal:Litauiske songar i Eurovision Song Contest Mal:Songar i Eurovision Song Contest 2006