We Can't Dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
We Can't Dance
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 11. november 1991[1]
Innspelt mars–september 1991 ved The Farm i Surrey i England
Sjanger Rock, poprock, progressiv rock
Lengd 71:30
Selskap Atlantic, Virgin
Produsent Genesis, Nick Davis
Kritikk
Genesis-kronologi
Invisible Touch

(1986)

We Can't Dance The Way We Walk, Volume One: The Shorts

(1992)

We Can't Dance er det fjortande studioalbumet til Genesis gjeve ut 11. november 1991 på Atlantic (USA) og Virgin (Europa). Albumet gjekk til topps i Storbritannia og låg inne på lista i 61 veker. Albumet nådde òg toppen av VG-lista i Noreg. Det vart det siste studioalbumet til Genesis med Phil Collins som vokalist og trommeslagar. Han slutta i Genesis i 1996 for å fokusere på solokarrieren sin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

We Can't Dance var det første studioalbumet til Genesis på fem år etter den store internasjonale suksessen dei hadde hatt med Invisible Touch i 1986. Albumet gjekk til topps i fleire land, mellom andre Storbritannia og Noreg, og nådde fjerdeplassen i USA. Det vart seld fleire millionar eksemplar av albumet (mellom anna fire millionar berre i USA). Albumet gav òg fleire hitsinglar, med «No Son of Mine», «Hold on My Heart», «I Can't Dance» og «Jesus He Knows Me», dei to siste med humoristiske musikkvideoar. To songar vart spelte inn, men kom ikkje med på albumet på grunn av plassmange. Desse var «On the Shoreline» og «Hearts on Fire» som begge vart gjevne ut som B-sider til singlane.

I motsetnad til kva mange trur handlar ikkje «Since I Lost You» om eit tidlegare kjærleiksforhold. Teksten var skriven av Phil Collins for venen Eric Clapton. 20. mars 1990 mista Clapton den fire år gamle sonen sin Connor, som fall ut av eit vindauge frå 53. etasje. Collins spelte songen for Clapton før han tok med songen på albumet for å få han godkjend. Samstundes spelte Clapton «Tears in Heaven» for Collins, som òg handlar om sonen.

Dei fleste av songane på albumet kom til som improvisasjonar i studioet til Genesis, The Farm.

Etter at albumet kom ut drog Genesis på ein 13 veker lang turné og spelte 55 konsertar mellom mai og juli 1992, i tillegg til 15 konsertar i Storbritannia i oktober og november.[5] Den populære verdsturneen selde ut arenaer og stadion. Dette vart den siste turneen til Collins med Genesis, før dei kom saman att for ein turné i 2007.

Under innspelinga av We Can't Dance vart det laga ein 40 minuttar lang dokumentarfilm kalla No Admittance som vart produsert av og sendt på Disney Channel. Han har sidan vorte gjeven ut som ein bonus-DVD til plata i 2007. Albumet kom dette året ut som SACD/dobbel DVD (inkludert nye 5.1- og stereomiksar).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tony Banks, Phil Collins og Mike Rutherford.. 

# Tittel Lengd
1. «No Son of Mine»   6:39
2. «Jesus He Knows Me»   4:16
3. «Driving the Last Spike»   10:08
4. «I Can't Dance»   4:01
5. «Never a Time»   3:50
6. «Dreaming While You Sleep»   7:16
7. «Tell Me Why»   4:58
8. «Living Forever»   5:41
9. «Hold on My Heart»   4:37
10. «Way of the World»   5:38
11. «Since I Lost You»   4:09
12. «Fading Lights»   10:16

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1991 The Billboard 200 4
1991 VG-lista (Noreg) 1
1991 Storbritannia 1
1991 Sveits 1
1991 Austerrike 1
1991 Nederland 1
1991 Sverige 4
1991 Australia 8
1991 New Zealand 5

Singlar – Billboard (Nord-Amerika)

År Single Liste Plassering
1991 "I Can't Dance" Mainstream Rock Tracks 2
"No Son of Mine" Adult Contemporary 8
Mainstream Rock Tracks 3
The Billboard Hot 100 12
1992 "Driving the Last Spike" Mainstream Rock Tracks 25
"Hold on My Heart" Adult Contemporary 1
The Billboard Hot 100 12
"I Can't Dance" Adult Contemporary 26
The Billboard Hot 100 7
"Jesus He Knows Me" Adult Contemporary 27
Mainstream Rock Tracks 24
The Billboard Hot 100 23
Top 40 Mainstream 12
"Never a Time" Adult Contemporary 4
The Billboard Hot 100 21
Top 40 Mainstream 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official Genesis Website». Genesis-music.com. http://www.genesis-music.com/discog/?v=a&a=4&id=18. Henta 21. oktober 2012. 
  2. Orens, Geoff. Album review, Allmusic.
  3. Browne, David (November 15, 1991). «We Can't Dance Review». Entertainment Weekly. http://www.ew.com/ew/article/0,,316232,00.html. Henta 21. oktober 2012. 
  4. Manning, Kara (January 9, 1992). Album Review, Rolling Stone.
  5. genesis-movement.co.uk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]