Weddellhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Antarktis. Weddellhavet er «bukta» i det øvste venstre hjørnet.

Weddellhavet er ein del av Sørishavet og inneheld Weddellvirvelen. Havområdet er definert som bukta mellom kysten av Coats Land og Den antarktiske halvøya. Det augstlegaste punktet er Cape Norvegia ved Prinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land. Aust for Kapp Norvegia ligg Kong Haakon VII Hav. Mykje av den sørlege delen av havet, opp til Elephant Island, er permanent dekt av is, Filchner-Ronne isbrem. Havet ligg innanfor dei to overlappande kravområda til Argentina (Argentinsk Antarktis) og Storbritannia (Britisk Antarktis), og strekkjer seg òg delvis inn i kravområdet til Chile (Chilensk Antarktis). På det breiaste er havområdet kring 2 000 km på tvers og det dekkjer eit område på kring 2,8 millionar km².

Havis i Weddellhavet.

Havet er kalla opp etter den britiske sjømannen James Weddell som segla inn i havområdet i 1823 og så langt sør som til 74 °S. Same året hevda den amerikanske kapteinen Benjamin Morrell å ha sett land kring kring 10–12° aust for den faktiske austgrensa til havet. Han kalla dette Ny-Sørgrønland, men ein fann ut at landet ikkje eksisterte då ein utforska området nærare tidleg på 1900-talet. Den som kom lengst sør i Weddellhavet før moderne tid var skotten William Speirs Bruce i 1903.

Forskjellige isbremmar, som Filchner-Ronne isbrem, ligg langs Weddellhavet. Somme av isbremmane på austsida av Den antarktiske halvøya, som brukte å dekkje kring 10 000 km² over Weddellhavet, hadde heilt forsvunne i 2002.

Av dyreliv i havområdet finn ein mellom anna weddellsel.

Weddellhavet har av forskarar vorte rekna som det klåraste vatnet av alle hav på jorda. Nederlandske forskarar frå tyske Alfred Wegener Institute kunne sjå ei Secchi-skive på ei djupne på 73,5 meter den 13. oktober 1986. Dette tilsvarar omtrent destillert vatn.

Weddellhavet er eit viktig område for danninga av djuphavsvatn via cabbeling, den største drivkrafta i termohalin sirkulasjon. Djuphavsvatn som vart danna via cabbeling i Nord-Atlanteren kjem av skilnader i temperatur og saltinnhaldet i vatnet, medan det i Weddellhavet kjem av saltinnhald og vindavkjøling.

Hurtigfrysing er eit vanleg fenomen i Weddellhavet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 75°S 45°W