Weißseespitze

Koordinatar: 46°50′48″N 10°43′2″E / 46.84667°N 10.71722°E / 46.84667; 10.71722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Weißseespitze
fjell
Weißseespitze, sett frå nord
Land  Austerrike,  Italia
Fjellkjede Ötztaleralpane
Høgd 3 518 moh.
Primærfaktor 341 m
Førstestiging 1870
Koordinatar 46°50′48″N 10°43′2″E / 46.84667°N 10.71722°E / 46.84667; 10.71722
Kart
Weißseespitze
46°50′48″N 10°43′02″E / 46.846666666667°N 10.717222222222°E / 46.846666666667; 10.717222222222
Wikimedia Commons: Weißseespitze

Weißseespitze er ein 3 518 meter over havet høg fjelltopp i Ötztaleralpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol.

Fjellet ligg ved vestenden av isbreen Gepatschferner og er for ein stor del bredekt. Mot nord stuper Weißseespitze i ein 500 meter høg bergvegg ned mot breen Weißseeferner og øvste delen av Kaunertal.

I 1870 vart Franz Senn, V. Von Mayrl, J. Wanderer og føraren I. Schöpg dei fyrste til å nå toppen av Weißseespitze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]