Weissmies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Weissmies
fjell
Weissmies frå Lagginhorn
Land  Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 017 moh.
Primærfaktor 1 185 m ↓  mot Monte Rosa
Koordinatar 46°7′40″N 8°0′43″E / 46.12778°N 8.01194°E / 46.12778; 8.01194
Lettast tilkomst Snøklatring
Førstestiging Jakob Christian Häusser
 - dato 1855
Kart
Weissmies
46°07′40″N 8°00′43″E / 46.127777777778°N 8.0119444444444°E / 46.127777777778; 8.0119444444444
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Weissmies

Weissmies er eit 4 023 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i kantonen Valais, nær landsbyen Saas-Fee.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Weissmies ligg i Alpane si hovudfjellkjede, i eit massiv som skil dalen Saastal i vest frå Simplon-dalen i aust. Massivet består av to andre, om lag jamhøge, fjelltoppar som ligg nord for denne, Lagginhorn og Fletschhorn. Weissmies ligg mellom skaret Lagginjoch (3 500 m) i nord og Zwischbergen Pass (3 620 m) i sør.

Weissmies er ein av dei ti over 4 000 meter høge toppane som omkransar Saastal, og står rett mot Dom i vest, den tredje høgste fjelltoppen i Alpane.

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Fjellet vart fyrste gongen bestege av Jakob Christian Häusser og Peter Josef Zurbriggen. Dei kleiv til topps i 1855 via fjellryggen Triftgrat (sørvestryggen). Dei lokale fjellførarane tvila på at dei to hadde nådd toppen utan fagleg assistanse. Fyrst då nokre fjellførarar steig til topps langs same ruta og fann fotspora til Häusser og Zurbriggen godtok dei utsegnene frå dei to.

Austsida vart klatra fyrste gongen av J.A. Peebles, ekteparet E.P. Jackson og fjellførarane P. Schlegel, U. Rubi og J. Martin den 17. oktober 1876. Den meir krevjande sørsida vart klatra i 1884 av C.H. Wilson, Alexander Burgener og J. Furrer. To veker seinare opna W.H. og E. Paine, T. Andenmatten og P. Zurbriggen ei rute på nordegga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Weissmies
Panorama frå toppen av Weissmies