Wekarikse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wekarikse

Status i verda: VU Sårbar

Wekarikse frå Punakaiki, vestkysten av Sørøya, desember 2011Foto: Jörg Hempel
Wekarikse frå Punakaiki, vestkysten av Sørøya, desember 2011
Foto: Jörg Hempel

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Gallirallus
Art: G. australis
Vitskapleg namn
Gallirallus australis
Sparrman, 1786

Wekarikse (Gallirallus australis) er ein fugleart utan flygeevne i riksefamilien. Arten er endemisk til New Zealand der fire underartar er aksepterte. Wekarikser er brune fuglar, med solid kroppsbygging og storleik som høns. Som altetarar et dei hovudsakleg på virvellause dyr og frukt. Wekarikser legg vanlegvis egg mellom august og januar, begge kjønna bidreg til å ruge.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Wekarikser ​​er store rikser. Dei er stort sett rikt, brunspreklet med svart og grått, den brune farga varierer frå bleik til mørk avhengig underart. Hannen er 50-60 centimeter i lengd og veg 0,5-1,6 kilogram. Hoer måler 46-50 cm og veg 0,35-1,0 kilogram. Det reduserte vengespennet varierer mellom 50 og 60 cm.[1] Det relativt store, raudbrune nebbet er ca. 5 cm langt, er tjukt og konisk, og brukast som eit våpen. Dei slår stadig med den spisse halen, eit teikn på uro karakteristisk for riksefamilien. Wekarikse har solide bein og reduserte venger.[2][3]

Wekarikser har habitat i område med skog, på subalpine grassletter, i sanddyner, steinete strandområde og menneskepåverka miljø. Dei er altetande, med ein diett av ca. 30 % frå animalske matkjelder og resten planteføde. Animalsk føde inkluderer ulike virvellause dyr slik som meitemark og maur, dessutan større bytte som froskar, rotter, mus og småfuglar. Planteføda inneheld blad, gras, bær og frø. Wekarikser er viktige frøspreiarar og spreier frø som er for store for mindre bæretande fuglar.[4] Der wekarikser er relativt vanlege, fører nyfikne til å søke rundt område med menneske for å finne matrestar eller anna dei kan ta med seg.[2]

Hekkesesongen varierer, men når tilgjenge på føde er rikeleg kan wekarikser ale opp fire kull gjennom heile året. Dei byggjer reiret på bakken under dekke av tjukk vegetasjon, materiala er gras eller liknande. Reiret er bolleforma med plass for omtrent fire egg. I gjennomsnitt legg wekarikser tre krem eller rosafarga egg, skjolda med brunt og lilla. Begge kjønn rugar. Etter ein månad blir ungane klekte, og dei blir mata av begge foreldra til fullvaksen mellom seks og ti veker.[2][3]

Taksonomi og distribusjon[endre | endre wikiteksten]

Namnet 'weka' er eit maoriord. Anders Erikson Sparrman gav arten det vitskaplege namnet Rallus australis i 1789. Sparrman publisert informasjonen om arten basert på prøvar som han hadde samla medan han reiste med kaptein James Cook mellom 1772 og 1775. Australis er latin for 'sørlege'.

  • G. a. greyi, lever i Northland-regionen og Poverty BayNordøya. Har grå underside og brune i staden for raude bein.[5]
  • G. a. australis, dei vestlege regionar på Sørøya frå Nelson til Fiordland, prega av mørk raudbrun og svart streking på brystet, to distinkte fargevarianter, i dei sørlegaste områda viser dei ei større grad av svart.
  • G. a. hectori, tidlegare Sørøya, introdusert til Chathamøyane, har lysare farger enn andre underartar.
  • G. a. scotti, Stewart Island/Rakiura og mindre øyar utanfor. Mindre enn dei andre underartane og har dessutan to fargeformer, men den mørke forma er ikkje så mørk som hectori

Truslar og vern[endre | endre wikiteksten]

Wekarikse er klassifisert som ein sårbar art. Etter ein plan frå 1999, for gjennoppretting av bestanden, vil styresmakta for vern avklare status for mangelfulle data om wekarikse, og endeleg gjeninnføre arten til dei tradisjonelle områda som ein vesentleg komponent i økosystema.[6]

Vern av wekarikse er utfordrande, nokre underartar er trua, men wekarikser kan sjølv vere trugsmål mot anna trua dyreliv på øyar, spesielt når dei blir introdusert til ei øy som dei ikkje hadde naturleg utbreiing på.[7]

Menneskeleg påverknad og folklore[endre | endre wikiteksten]

Wekarikse er vektige for nokre maori iwi som beundrar eigenskapa til desse fuglane, eigenskap som òg har gjort dei relativt enkle å fange. Wekarikser blei brukte av maoriar som ei matkjelde, til råvarer for parfyme, olje til handsaming av betennelsar, til fjørklede[8] og bytte til jakthundar. Også tidlege europeiske oppdagingsreisande og nybyggjarar gjorde ofte bruk av wekarikse, og kalla dei 'buskhøner'.[9]

Historier om at wekarikser stel blanke gjenstandar og sukkarposar er ein del av folkloren i landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Arkive - Images of Life on Earth. «Facts Weka». Arkive.org. http://www.arkive.org/weka/gallirallus-australis/#text=Facts. Henta 16. august 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «WEKA - 1966 Encyclopaedia of New Zealand». Teara.govt.nz. 2009-04-23. http://www.teara.govt.nz/1966/W/Weka/Weka/en. Henta 16. august 2012. 
  3. 3,0 3,1 Andreas Reischek, 1845–1902 (2009-03-01). «Large forest birds - Weka - Te Ara Encyclopedia of New Zealand». Teara.govt.nz. http://www.teara.govt.nz/TheBush/NativeBirdsAndBats/LargeForestBirds/2/en. Henta 2010-10-16. 
  4. «DOC, Facts about Weka». Doc.govt.nz. 2006-08-21. http://www.doc.govt.nz/templates/page.aspx?id=32919. Henta 16. august 2012. 
  5. Penguin Pocket Guides: New Zealand's Native Birds of Bush and Countryside. Pages 76-77. 1996. Published by Penguin Books. ISBN 0-14-026010-2
  6. «DOC's work with weka: Native land birds conservation». Doc.govt.nz. 2006-08-21. http://www.doc.govt.nz/templates/page.aspx?id=32921. Henta 16. august 2012. 
  7. «Facts: Weka: Native land birds: Conservation». Doc.govt.nz. 2006-08-21. http://www.doc.govt.nz/templates/page.aspx?id=32919. Henta 16. august 2012. 
  8. «Kahu weka (weka feather cloak)». Collections Online. Museum of New Zealand Te Papa Tongarewa. http://collections.tepapa.govt.nz/objectdetails.aspx?oid=57729. Henta 16. august 2012. 
  9. Te Tapa Atawhai (2009). Weka (Gallirallus australis) recovery plan. NZ: Department of Conservation New Zealand. ss. nn. ISBN 0-478-21844-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]