Welsh-ponni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barn på Welsh mountain-ponniar

Welsh-ponni er ein ponnirase som stammar frå Wales. Rasen er delt inn i fire kategoriar: Welsh Mountain kat. A, Welsh-ponni kat. B, Welsh Cob kat. C og Welsh Cob kat. D.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Welsh cob
Welsh mountain-ponni

Rasestandarden varierer noko frå kategori til kategori. Storleiken spelar ei viktig rolle for inndelinga.

  • Welsh mountain kat. A: Opptil 122 cm i mankehøgd.
  • Welsh-ponni av ridetype kat. B: Opptil 137 cm i mankehøgd.
  • Welsh-ponni av cob-type kat. C: Opptil 137 cm i mankehøgd.
  • Welsh cob kat. D: Inga øvre grense.

Dei ulike kategoriane kan kryssast med kvarandre etter visse reglar:

  • A X B = B
  • B X C = C
  • B X D = C eller D (avhengig av høgd)
  • C X D = C eller D (avhengig av høgd)

Er foreldra av same kategori vert avkommet også av den kategorien.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Welsh-ponnien stammar frå små, walisiske fjellponniar. Opp gjennom hundreåra har andre hestetypar blitt kryssa inn, mellom anna arabarhest og hackneyhest. The Welsh Pony and Cob Society vart skipa i 1901 og er den største av dei britiske hesteraseorganisasjonane. Den fyrste stamboka kom i 1902. Opplegget med inndeling i kategoriar kom inn i biletet i 1949.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Welsh-ponnien finst i store delar av verda, også i Noreg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Welsh-ponnien vert for det meste brukt til ride- og køyreponni for barn og unge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]