Weltschmerz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Weltschmerz (tysk, 'verdssmerte') er eit omgrep fyrst nytta av den tyske forfattaren Jean Paul, og beteiknar følinga en av at den fysiske røynda aldri kan tilfredsstilla sinnet sine behov; ei kjensle av eiga og av verda utilstrekkeleghet. Denne typa pessimistiske og melankolske verdsanskuelsar var vanlege blant ein rekkje romantiske forfattarar, til dømes Lord Byron, Giacomo Leopardi, François-René de Chateaubriand, Alfred de Musset, Nikolaus Lenau og Heinrich Heine. Omgrepet er og ofte nytta for å beskrive musikken til Johannes Brahms.