Wenche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wenche er eit kvinnenamn av (neder)tysk opphav. Det har norsk namnedag den 17. august.

Andre skrivemåtar er Venke, Wenke, Venche, Wencke, Vence eller Vencke.

Namnet oppstod som ei tysk form av det mellomnedertyske Wineke, som igjen var danna som kjæleform av namn som byrja med Win- eller Wen-. Dette leddet tyder 'venn'.

Namnet er kjend i Noreg frå 1500-talet. Namnet var mykje brukt frå rundt 1940 til rundt 1970, då over 1 % av nyfødde jenter fekk namnet Wenche. I 2009 var det 14 586 norske kvinner som bar namnet.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]