Wenche Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wenche Foss i 1959

Wenche Foss (Eva Wenche Steenfeldt Stang) (fødd 5. desember 1917 i Kristiania, død 28. mars 2011 i Oslo) var ein norsk skodespelar, ofte karakterisert som etterkrigstidas store diva i norsk teater.

Foss debuterte i 1935 på Søilen Teater i Vilhelm Dybwads operette Taterblod. Ho markerte seg tidleg som operette- og lystskodespelar på fleire av Oslo sine scener. Hennar største operetterolle var som Hanna Glawari i Den glade enke i 1948. Det blei Centralteateret sin største suksess. Ho kom til Nationaltheateret første gong i 1952 og var der i 15 år. Etter ein periode på Oslo Nye Teater frå 1967 til 1978, avslutta ho karrieren sin som fast tilsett skodespelar, på Nationaltheateret frå 1978. Ho spelte 55 roller.

Ho byrja tidleg å spele inn film. I 1940 debuterte ho i Tørres Snørtevold og ho blei også kjend for rolla si i En herre med bart i 1942.

Dei seinare filmane hennar omfattar mellom anna hovudrolla i Gull og grønne skoger, ein kortfilm og svart komedie i Harald Zwarts regi, om einebuerska som vert forrykt i møte med media.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

«Våre små søsken»[endre | endre wikiteksten]

Etter at Wenche Foss i 1953 fekk ein gut med Down syndrom, har ho gjort ein stor innsats for å opne folk sine auge for utviklingshemma sine kår.

Ho har også vore open om forhold ved sin eiga helse, slik som at ho i 1971 overlevde brystkreft.

Triva[endre | endre wikiteksten]

  • Foss fortalde sjølv at ho frå artium fekk «6» i alle fag med unntak av orden, kor ho fekk «selsomt».
  • Foss var gudmor til ei anna norsk skodespelarinne, Mari Maurstad.
  • Foss hadde i fleire samanhengar gått ut i media og tala homofiles sak, og har mellom anna difor ei høg stjerne hos mange homofile.
  • Foss sin son, Fabian Stang, ordførar frå Høgre i Oslo sidan 2007.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå fullstendig oversyn på Imdb: Wenche Foss

Biografiar[endre | endre wikiteksten]